Dikta i Butikksongar av Helene Hovden Hareide er skrivne fram i eit daglegdags, tidvis fragmentert, impresjonistisk språk, beståande av mindre forteljande sekvensar som kjedar seg saman nedover sidene, og som vert til punkt, og ofte til gode enkeltdikt. Les kritikken av Butikksongar av Helene Hovden Hareide her.
Lyriske konstellasjonar
At Skyggen av et dikt av diktdebutanten Gregers Lundh faldar ut ei grunnleggjande kristen forståing der bibelske motiv og tematikkar går att, er heilt openbert. Diktdebutanten skriv reinskrapte dikt med få ord og mykje kvitt rom kring seg. Les kritikken av Skyggen av et dikt av Gregers Lundh her.
Fram og tilbake til framtida
Dikta til Jo Eggen er eit særeige og samansett konglomerat. Og det svingar raskt, i tid og rom. Her kan fjerne utkantar brått forvandle seg til lyriske sentralpunkt. Les kritikken av Dikt om Sverige av Jo Eggen her.
Det kravlaust vene
Dikta til Helge Torvund i Liljevilje femnar om dette i oss som gjer at me ikkje er motseiingsfrie, logiske system, men full av lyter, mørke og uro. Les kritikken av Liljevilje av Helge Torvund her.
Nålestikk og nullpunkt
I Fragment II av Lars Norén svingar det seg frå det aforistiske, reflekterande, slagordbastante til det poetiske nivået. Les kritikken av Fragment II av Lars Norén i Steinar Opstads omsetjing her.
Observert
Frank Kuppner, skotsk poet og romanforfattar, skriv forunderlege tekstar. Ein kjenner både melankoli og ein pussig humor når ein les dei. Dikta er ikkje vanskelege, heller prosaiske, klåre og tydelege som eit snapshots, og likevel er det noko som alltid, med vilje, verkar å gleppe unna. Les kritikken av Å se med et intelligent blikk på nakne kvinner av Frank Kuppner her.
Lyrisk maksimalisme
Korleis skal ein gripe verda og sanninga, når ein er så sterkt veva inn i dei og står «midt i en elv / som løser opp alt / i bilder, drøm og engstelse»? Dette er nokre av spørsmåla i Rune Berglund Steens maksimalistiske, reflekterande og ekspansive langdikt, Europa, din vinge og storm. Les kritikken av Europa, din vinge og storm av Runge Berglund Steen her.
Katalog over livet og verda
Debutanten Maren Granrud dyrkar den slåande og småskrudde formuleringa i små, snurrige kortprosatekstar. Les kritikken av Maren Granruds Det er ikke synd på meg men jeg syns det her.
Tapt tid, tapt liv
Debutboka til Ole Petter Vaaten grip attende til fortida, til den nære familien og særleg til faren og hans arbeidarliv. Dette fars- og barndomslandskapet vert gestalta i dikt som dyrkar dei assosiative, men også dei disiplinerte biletspranga. Les bokmeldinga av En av tingene med mitt hjemsted av Ole-Petter Vaten her.
Heimsøkt av det verkelege
Tittelen på den andre diktboka til Bendik Vada, Virkelig igjen, indikerer at noko er kome attende til ein tilstand der det har vore før. I mellomtida må det ha vore i det ikkje-verkelege eller u-verkelege. Les kritikken av Virkelig igjen av Bendik Vada her.