Nålestikk og nullpunkt

Lars Norén er fyrst og fremst poet, noko denne boka syner

Eit fragment viser delen og peikar samstundes på heilskapen som ikkje finst lenger. Fragmentet har difor den eigenskap at det påkallar og minner om fråveret. I tekstfragmenta til den svenske dramatikaren og forfattaren Lars Norén, suverent gjendikta av poeten Steinar Opstad, finst det innsikt, litterær kraft og spenst. Raskt svingar dei seg frå det aforistiske, reflekterande, slagordbastante til det poetiske nivået. Det handlar om mykje, om historie, kunst og filosofi, men aldringa og døden står kan hende fram som eit overordna tematisk sentralpunkt i fleire av dei korthogne og poengterte sentensane: «Jeg må leve med min død … en stund til».

Sjølv om tekstfragmenta dyrkar negasjonens kraft, og så å seie tvingar fram eksistensielle nullpunkt – med brutaliteten og massedrapsfabrikkane frå 2. verdskrigen som horisont – så kan ein også finne isprengd ein lakonisk, absurd humor, basert på ei enkel logisk slutning: «Å vente på Godot innebærer framfor alt å utsette Godots ankomst».

Referansane er strødd tungt utover dei karrige tekstane, der ei enkelt setning lyser opp arket. Kritikk av filosofen Heidegger er ein gjengangar. Og her opptrer Sokrates, Simone Weil, Samuel Beckett, Emil Cioran, Pascal, Xenofones, Sofokles, Montaigne, filmskaparar, kunstnarar og forfattarar. Alle fungerer som samtalepartnarar som leverer materiale til dei dialektiske spranga tekstfragmenta inviterer til. 

Somme tider stoggar dialektikken opp og vert avløyst av det oppgitte raseriet, nålestikket: «Jerusalem er hovedstaden i helvetes religioner». Andre stadar punkterer han estetikkens forførande språk: «Han er ikke minimalist, han er utfattig».

Paradokset er den figuren med høgast frekvens i desse tekstane. Paradokset speglar seg også i tekstforma og bokformatet: På dei kvite sidene står berre ei kort setning, teksten er minimalistisk medan bokas omfang er av eit meir kolossalt slag, over fem hundre sider, like omfangsrik som Fragment I.

Lars Norén er ikkje fyrst og fremst tenkjar og filosof, jamvel om mykje visdom kan hentast i boka. Han er poet, og det debuterte han som i 1963, med boka Syrener, snö. Nokre av dei finaste lyriske sekvensane og bileta i Fragment II skriv seg frå snø-bilete og til arbeidet i hagen. Og forfattaren let ofte poetiske fragment få stå fram, vene og brutale – og utan å kvele dei i tankar og tolkingar: «Vannet smaker krig».

Bergen, 6.oktober 2020