Monumentalt og lågmælt

:poesikritikk


DIKT

Morten Claussen

Elementene

Solum Bokvennen (2021)


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Eksistensielle dikt som fangar mennesket i det jordiske

Morten Claussen skriv i fleire sjangrar. Forutan romanar, dikt og litterære essaybøker, har han gjendikta mellom andre Samuel Beckett og Durs Grünbein til norsk. Elementene er Claussens fjerde diktbok.

Tittelen gjev assosiasjonar i retning av noko grunnleggjande, av grunnstoff. Ordet element tydar «del av noko anna». Aristoteles rekna med fire grunnleggjande bestanddelar; eld, jord, luft, vatn. Claussens dikt opererer med fleire element, og ikkje berre fysiske, også mentale; i det fyrste diktet vert «fjellene», «vindene», «himlene», «månen» og «disen» nemnt, og desse vert også til namn på avdelingane i diktboka. Dikta vevar saman ytre fysiske miljø og fundamentale eksistensielle livsvilkår, natur, biografi, sakn, tid, minne, framtid.

Dikta er korte og ber ikkje titlar, berre fortlaupande nummer. Språkleg pendlar dei mellom eit monumentalt og eit meir lågmælt uttrykk. Ein vil sjå at religiøse symbol og bilete ofte vert stilt saman med profane, og at dikta samlar seg om eit fåtal motiv. Dei nemnde samanstillingane kan vere svært verknadsfulle. Som i diktet der «kranene i Kværnerdalen» og «gamlebyens minareter» er «i andektig bevegelse / døgnet rundt». Ein overordna tendens er at dikta strevar mot å overskride dei jordiske vilkåra samstundes som dikta stangar mot, og vert kasta attende på, materien. Følgjeleg er lengta umogleg å utrydde og tilfredstille. Dette er, for å nytte eit religiøst bilete, krossen som eget i desse dikta har å bere, og som eget som ligg og betraktar utanverda gjennom sprossevindauga erfarer når det vert uttrykt at «små kors ruter opp skogene». Utsynet vert farga av ei dødsinnsikt samstundes som erkjenninga skapar ein viss dødeleg orden, gjennom at krossen ruter opp skogane. 

I Elementene finst mange suggestive enkeltdikt med ei overraskande sisteline. Nokre av dikta munnar ut i litt for storslagne liner, der diktet mister presisjonen det eig i linene forut. Eit dikt liknar skarven med ein svart kors, og det er ikkje problematisk i seg sjølv, men når samanlikninga kjem i sistelina, i staden for i line to, bidreg det til å svekke vibrasjonen i samanlikninga. Diktet «naglar» snarare skarven til det stilleståande, døden og krossen, i staden for å gjere samanlikninga meir svevande og antydande. Då har eg nok meir sansen for dikta som held seg i den sanselege sfæren: «Skyggene glir / langsomt etter oss / over det høye / grønne gresset / uten å bøye ett / eneste strå».

Bergen, 8.april 2021

Meldinga har vore prenta i Dag og Tid.