Tapt tid, tapt liv

Diktdebutant med tidvis sterke biletdrivne dikt

Debutboka til Ole Petter Vaaten grip attende til fortida, til den nære familien og særleg til faren og hans arbeidarliv. Dette fars- og barndomslandskapet vert gestalta i dikt som dyrkar dei assosiative, men også dei disiplinerte biletspranga.

Somme punkt vender dikta stadig attende til: Taunusen, skiftenøklar, oljeflekkar og arbeidskaren. Her kunne ein også nemne avstikkarane, til skogs, til sjøs eller til puben. Dette bidreg til å gi dikta puls, samanheng og eitt felles univers. Dei i hovudsak sentrallyriske dikta står fram som snapshots av tapte livsmoglegheiter og tapt tid. Og når tida i seg sjølv alltid verkar knapp, fordi «dagene [er] korte / som små sneiper / utover singelen», så er kanskje spørsmålet kor mykje som er att for minnet å gripe fatt i.

Fleire dikt tek utgangspunkt i noko faren har sagt: «det er viktig å smøre kjedet sa far min», og vert kombinert med bilete som får situasjonen til å ekspandere slik at den får ei gyldigheit utover seg sjølv. Iblant tek det eine bilete det andre og skyv diktet bort frå utgangssituasjonen. Dikta har likevel ofte etablert ei gjentaking som hankar det inn og set det på sporet att.

I eit dikt der alt vert sett i lys av mekkinga og bilen, og avsluttar med å samanlikne motorblokka med månen, kan ein nok spørje om den siste rørsla tilfører diktet noko, om denne forklaringa på kva poeten har gjort i diktet, er overflødig. Og når det står at «brennenesla i skråninga bak garasjen svir / når jeg kjører handa inn i fortida», så er det som om brennenesla har mista noko av svi-evna si. Ja, det hender nok at ein undrar seg over den omfattande viljen til bilete som boka framviser. Når nesten alt vert til moglegheiter for eit bilete, mister dikta litt av sansen for dei realitetane – frå skiftenøklar til sorg – dei sjølv verkar å insistere på.

Slik kan ein nok tenkje. Men her finst elles nok av slåande enkeltbilete, dei overraskar og grip lesaren. Og det finst fleire dikt som er heilstøypte og står løpet ut fordi dei pumpar linene rytmisk fram som ein god pop- eller rockelåt. Til dømes diktet «når var det ting begynte å gå galt», som igjen handlar om faren, der ulike skøyterenn frå sekstitalet og fram både er tidsmarkørar og sekundantar som leverer biletråstoff til dei siste versa: «og jeg gjorde meg klar / i svart dress / for å gå siste par / aleine». 

Bergen, 19.september 2020