Del likt balanserer mellom den elleville galskapen, humoren og det djupaste alvoret. I tillegg til verbaltekstane rommar boka fotografi, teikningar og videostills og kombinasjonar av desse. Les kritikken av Del likt av Gunnar Wærness og Henrik skotte.
Årets diktbøker 2017
Slutten på året 2017 har byrja. Tida for gjere opp buet i den norske poesien for året 2017, er inne. Humbaba peikar på bøkene som godt kan vere med oss inn i framtida. Det er vorte til ti diktbøker. Men dei bøkene som her ikkje vert nemnde, treng ikkje gløymast. Sjå den ikkje-rangerte og ikkje-alfabetiske lista over ti dugande poesiutgjevingar frå poesiåret 2017.
I tryllekrinsen
Draum, røynd, myte, framtid og individ strekkjer seg mot kvarandre, koplar seg saman, byrjar å svinge og tek til å klinge og lyse frå ulike stader i det stortenkte langdiktet Lenis plassar. Les kritikken av Lenis plassar av Øyvind Rimbereid her.
Omsorg og død
Dikta i Cecilie Løveids Vandreutstillinger let det som har stivna i biletkunsten og kunsten kome inn att i tida, dirrande av eksistensiell nerve og røyst. Les kritikken av Vandreutstillinger av Cecilie Løveid her.
Augeblikket utvidar seg
Når Helge Torvund har omsett dikt av den svenske poeten Bengt Berg til norsk, og Bengt Berg har omsett dikt av Helge Torvund til svensk, uttrykker det ei gjensidig verdsetjing. Boka er ein møtestad der dei to poetane kryssar sine poetiske og språklege grenser. Les kritikken av Medan våren vaknar av Helge Torvund og Bengt Berg her.
Vald, fellesskap, rutine og leik
Det nystarta vesle svenske forlaget Podpoesi press er ute med fire små poesihefte i såkalla chapbookformat. Dei fire poetane representerer fire ganske ulike lyriske attitydar. Det går frå det alvorlege og konsentrerte til det ville og utemja. Les kritikken av dei fire utgjevingane frå Podpoesi press her.