Poesiens doble heimstamn

poesikritikk:


DIKT

Dan Andersen

Nedstyrtet poesi

Flamme forlag (2020)


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Kompromisslaus poesi og vene dikt

Tittelen Nedstyrtet poesi teiknar opp ein vertikal akse og gir signal om ein poesi som har falle, frå det himmelske til det jordiske, og som ber avstanden – fallet – i seg. Og denne avstanden vert vent og gåtefullt uttrykt i bileta til Dan Andersen: «En tynn mørk kvist / stikker ut fra himmelen / slik dørene til noen roterom / ikke lar seg lukke».

Frå Johannes frå Patmos veit me at ordet var i byrjinga, og ordet var hos Gud, og ordet var Gud. Det finst ein språkmagi i skapingssoga, i form av: Bli lys! Idet det guddommeleg ordet vert til kjøt, har ordet falle og har heimstamn i to verder. Den doble heimstamnen passar godt på metaforen, jamfør biletet over, som uttrykkjer at noko både er og ikkje er kva det er. Det er òg eit kjennemerke på poesien, slik han kjem til uttrykk i Nedstyrtet poesi. Dikta seier noko om mennesket, verda og tilveret som berre kan seiast slik det vert sagt i poesien: «For hva skal himmelen med oss / som trenger evigheten / på å mestre ett enkelt sekund».

I møte med boktittelen tenkte eg på Per Olov Enquists kjærleiksroman Nedstörtad engel frå 1985. Somme motiv derifrå er i samklang med dikta. I romanen finst den doble heimstamnen på ulike nivå, særleg i det såkalla vanskapte mennesket Pinon, fødd med eit manns- og eit kvinnehovud. Kvinnehovudet som sit oppå mannens hovud, lik ei hovudlykt på ein gruvearbeidar, kan ikkje snakke, berre syngje – vondt, mjukt, godt og kjærleg. Dei to hovuda er, på godt og vondt, fanga i einannan, skild og foreina på same tid, nett slik ein kan betrakte eg-et sitt forhold til du-et i desse dikta.

Kanskje kan ein også ane eit grunnleggjande poesisyn attom dikta, der poesien vert betrakta som ein type utstøytt og monstrøst språk eller song som loddar dei eksistensielle yttergrenser for «å kjøpslå med det forvrengte», og som nett difor gjer at poesien ber noko djupt menneskeleg i seg.

Dan Andersen skriv korte og biletsterke dikt. Den verkelege styrken ligg i at dei vellukka bileta formulerer overraskande og vene innsikter og syn, som ein sjølv ikkje alltid maktar å forklare, men som ein gjerne vil forklare, ganske enkelt fordi forklaringsforsøket gjer lesaren menneskeleg.

Bergen, 11. februar 2021