Naturtap og klimasorg

:poesikritikk


DIKT

Kristin Berget

Våre sår i hogstflaten / rense overgi blanke trær / blomstre opp i dødsraten / hvisk navnet / ut her

Cappelen Damm (2021)


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Bergets dikt er tenksame og opne, ikkje konkluderande

Kristin Bergets diktbok er ei poetisk undersøking og gjennomtenking av naturtapet eller klimasorga. Her møtest det heilage og profane, idyllen og katastrofen, ritualet og kvardagen, namnet og kroppen. Å reflektere over korleis klimasorga ter seg er ikkje uvesentleg, for korleis ein handterer den sorga bestemmer forholdet til naturen og korleis ein møter naturøydelegginga.

Namna på utryddingstruga artar hamnar på såkalla raudlister. Når artsnamna er på raudlista, får menneska eit ekstra medvit om dei. Raudlista fungerer litt som namnet til ein avdød på ei gravstytte: Namnet gjer at me kan minnast og sørgje over dei. Artane har fått eit slags nytt liv der, rett nok eit utstoppa museumsliv fjernt frå det verkelege livet der artens fysiske kropp forsvinn og rotnar. Berget snakkar i eit dikt om to typar død: «Når kroppen dør» og når namnet forsvinn.

Problemet med å halde namna i hevd slik, er at arten vert forvandla til eit skal, eit minne mens denverkelege, fysiske naturen vert tømt ut og forsvinn.

Det verkar som Berget vil etablere eit anna forhold mellom mennesket og naturen, eit aktivt og skapande, forstått som ein relasjon, slik som mellom du og eg. Staden der natur og menneske kjem i berøring, er i den fysiske døden: «så ber vi en bønn / for en metamorf stat / som skal vokse fram / fra jordsmonnet i hver av oss».

Tittelen på diktboka er eit dikt. Det som har skjedd med diktet, er at det held på å stivne til eit namn og misse sin karakter av å vere dynamisk og prosessuelt. Dikta til Berget leiar merksemda mot språklege prosessar og detaljar. Ordet «mens» førekjem ofte i desse dikta, og er ikkje tilfeldig. Ordet ‘mens’ indikerer at noko skjer samstundes som noko anna hender. Det handlar altså om prosessar, om ulike bevegelsar, om liv og død og overgangar: «mens leden lider langsomt / lider langsomt hjemve / mens dype tid fossil som nekter / også barnet senkes ned».

Sjølv om bileta og setningssekvensane i Kristin Bergets dikt er vene og grip lesaren, flyg ikkje tydinga i dikta direkte i auge og øyre på hen. Dikta kjenner aldri vegen dei skal. Det er ein kvalitet. For dikta tenkjer. Å tenkje er å vere i ei rørsle, i ein levande prosess, utanfor namnet.

Bergen, 4. februar 2021