I diktdebuten Jonathan og Sailor j. vert ein presentert for ei ven, men også destruktiv og vond kjærleikshistorie mellom to unge menn. Dei fragmenterte dikta er sanselege og ekspressive. Les kritikken av Jonathan og sailor j. av Jonathan August Lengali her.
Elastisk og rørleg
Den slentrande og forteljande stilen, kopla til daglegdagse observasjonar og tilsynelatande tilfeldige assosiasjonar, har blitt til eit varemerke for Haagensens lyrikk. Stor er ikkje noko unnatak. Les kritikken av Stor av Nils-Øivind Haagensen her.
Lovsong til alt som finst
Årets diktbok frå Helge Torvund, Tidslys, kan ein sjå i forlenginga av Alt brenner. Men i Tidslys er det som Torvund kjølar elden litt i høve til den ekstatiske poetiske entusiasmen som sprang fram i førre diktboka. Les kritikken av Tidslys av Helge Torvund her.
Vevnadens samtale
I Reisen møter Gunvor Nervold Antonsens visuelle kunst dikt av Hans Petter Blad. Hans Petter Blads dialogiske dikt spenner opp eit stort historisk, geografisk og litterært rom i det vesle formatet. Eit utal moglege kryssingar og forbindelsar oppstår. Les kritikken av Reisen av Gunvor Nervold Antonsen og Hans Petter blad her.