Lyriske konstellasjonar

poesikritikk:


DIKT

Gregers Lundh

Skyggen av et dikt

Tiden norsk forlag 2020


Av Sindre Ekrheim | sindre.ekrheim@humbaba.no


Meditative debutantdikt med biletlege kvalitetar

At Skyggen av et dikt av diktdebutanten Gregers Lundh faldar ut ei grunnleggjande kristen forståing der bibelske motiv og tematikkar går att, er heilt openbert. Her trer bibelske skikkelsar som Abraham, Jakob, Sara, Debora og Maria fram. Som religiøse meditasjonar freistar dikta å kome i kontakt med fenomen som skaping, den åndelege reisa og oppstoda.

Diktdebutanten skriv reinskrapte dikt, dei har få ord og mykje kvitt rom kring seg. Det gjer at orda ikkje kan skjule seg, bileta får blusse opp uforstyrra: «lyset går i byger / over vidder av mørke». Det siterte biletet handlar kanskje ikkje fyrst og fremst om lyset – eller om mørket – men om storleikar: Vidde kjem av ordet vid, som indikerer omfang og storleik. Fyrst idet lyset kjem, får ein eit grep om omfanget til mørket.

Samanlikninga er ein poetisk metode der orda som inngår i samanliknande konstellasjonen tek til å overføre og smitte kvarandre med tyding. Og desse dikta tematiserer nett denne konstellasjonen, denne jamføringa og forholdet mellom entitetar og fenomen, anten det gjeld menneskas tilhøve til Gud, religion versus vitskap, eller ved å kontrastere målestokkar: «Stort / som et frø // liten / som en galakse».

Oppvakninga og oppstoda er elles eit høgfrekvent gjengangarmotiv med talrike variantar her. I utallege dikt vil ein møte variantar av formuleringa «sprunge ut». I noko mon målar dikta opp avstanden mellom det bibelske språket og eit moderne, vitskapleg vokabular, og iblant endar det i spennande bilete: «opp gjennom genenes vindeltrapper». Einskilddikt kan lesast i ein horisont som kombinerer det kristne perspektivet med det økolitterære: «Jordens plagede ansikt / stiger opp / frå de levrede / dypene i Nilen».

Det manglar ikkje på gode dikt og tankevekkande bilete i dette som er ei relativt omfattande diktbok. Det hender dikta er tyngde av manglande rørsle, for lite språkleg kraft. Iblant trykkar dei sterk symbolsk lada orda – slik som «livstreet», «pakt» og «segl» – dikta unødig slik at dei vert ståande i det dei skulle ha vokse ut frå. Den kristne lyrikken underkastar seg med naudsyn noko den held for større enn poesien og språket. Språket har evne til å syne noko, og likevel ikkje kunne representere det som vert synt fram, fullt ut. Difor må me ta til takke med skuggane som vert kasta. Det kan verte verkeleg fint, det òg.

Bergen, 22.oktober 2020