Fengselsdikt av Mahvash Sabet er høvesdikt som dokumenterer ein hard og umåteleg brutal fengselskvardag. I tillegg til å romme dokumentariske kvalitetar, representerer dikta også ein type politisk og kjempande frigjeringslitteratur. Les kritikken av Fengselsdikt av Mahvash Sabet her.
Fiffig og verknadsfullt
«Livet / e best på halv stang», står det å lese i debutboka Vak til Bendik Vada. Her møtar ein eit diktar-eg som ikkje ønskjer å setje spor, som forlét ei kvinne i ei hytte, går ut i skogen med eit ønskje om å gøyme seg og forsvinne. Les kritikken av Vak av Bendik Vada her.
Lyrikkforsking for alle?
Nordisk poesi. Tidsskrift for lyrikkforskning er eit lyft for den nordiske lyrikkforskinga og den internordiske forskingsutvekslinga på lyrikkvitskapens område. Les kritikken av Nordisk poesi. Tidsskrift for lyrikkforskning her.
Sorg og skrot
Når noko kjennest urimeleg ut, er det noko som ikkje rimar. Det urimelege og ufattelege for den franske poeten Valérie Rouzeau (fødd 1967), er dødsfallet til faren, sjølve omdreiingspunktet i diktboka Sorgensoveralt. Les kritikken av Sorgensoveralt, omsett av Kjersti Annesdatter Skomsvold, her.
Pulserande materialitetar
Sara Sølberg skapar ein type litteratur som er djupt rota i biologisk liv og livsvilkår, med sans for mikro- og makroøkologiske samanhengar. Romanen Seismiske smell stiller til skode eit imponerande økologisk og biologisk kunnskapstilfang. Sølberg maktar å gje dette materialet ein overtydande litterær handsaming. Les kritikken av Seismiske smell av Sara Sølberg her.