Temperert

:poesikritikk


DIKT

Vibeke Rosenberg

den som bor ved et juv

Tiden forlag 2021


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Dikt som får naturen til å opne seg

Vibeke Rosenberg debuterer med Den som bor ved et juv, ein bundel med naturlyriske dikt, sansingar og refleksjonar som det er all grunn til å dvele ved.

I dikta gestaltar dialogen med naturen det menneseleg nærværet og sjølvmedvitet. Diktdebutanten skriv om hjortespor, hare og grågåstrekket og rissar opp tyding ved hjelp av få ord og suggestive bilete. Det er ikkje berre den store verda som vert fanga inn, for «min verden er liten / fra utelampa går støvlemerkene / til bjerketreet med matfatet / derfra et ekornspor inn mot skogen». Og like mykje som poeten fyllar orda med ny meining, så tømmer ho dei. For når «språket er en / båt med sprekker», og diktaren «øser og hviler», er det ikkje berre glede og lyst, men eit eksistensielt naudsyn som gjer at ein må skrive poesi.

Utsegna seier også noko om kva diktet gjer, for om språket er ein båt, så transporterer diktet lesaren og diktaren til ein annan stad. Og slike stadar og overgangar er sentrale i diktboka. Ein ser det i dei siterte linene ovanfor, der ei opning ut og bort vert skissert, «derfra et ekornspor inn i skogen», og det finst i opningsdiktet, i form av ei tregrense som vert overskride. Slik vinn boka ein motivisk einskap.

Naturen kan vere samtalepartnar og ein læremeister, «nå lærer jeg av frosken / den kjappe flukten under ein einer». Sjølv om dikta rettar seg mot landskap, fauna og flora, mot tinga der ute, kjem også diktar-eget i søkjelyset, i bråe glimt. Ei prosaisk og smertefull setning kan brått lyse opp: «jeg vet ikke hvor jeg skal gjøre av meg». Ifølgje diktet er setninga skrive i ei dagbok av ein 10-åring. Spørsmålet har ein klang av heimløyse, kanskje òg av blygheit, ein kropp som både er for liten og for stor og ikkje passar inn, og som ikkje vil syne seg fram.

Korleis syne noko fram utan sjølv å synast? Kva syner eit haustlauv eller snøfnugg fram? «Bølge, snøfnugg, blad / jeg er uanselig / virvlende til stede». Spørsmålet går vel rett til kjernen i mykje av dagens kunstoffentlegheit, der kunstnarens sjølviscenesetjing er så viktig, anten som reine reklamestunt eller som integrert del av kunsten, og der det biografiske skuggar for verket.

Vibeke Rosenberg eig eit poetisk språk som ber, som rommar innsikt og gir plass for lesaren. I dei tilsynelatande impresjonistiske rissa av nokre dikt glødar og ulmar det av tyding og gode vendingar.

Bergen, 26. mars 2021