Observert

Humor, melankoli og det underlege sett i poetisk system

Frank Kuppner, skotsk poet og romanforfattar, skriv forunderlege tekstar. Ein kjenner både melankoli og ein pussig humor når ein les dei. Dikta er ikkje vanskelege, heller prosaiske, klåre og tydelege som eit snapshots, og likevel er det noko som alltid, med vilje, verkar å gleppe unna.  

Samlinga Å se med et intelligent blikk på nakne kvinner inneheld fem langdikt og vart utgjeven første gong på engelsk i 1987. Kuppner er kanskje mest av alt ein lesar og tolkar av hendingar og handlingar. Han betraktar fotografi tatt frå før første verdskrigen, sirklar inn fråværet til den nakne kvinna, og i «Bevegelser i krypten. Femti grenseballadar» er det glimta frå andre sine liv diktet fangar inn. Kuppner skriv også om dører, i ei besynderleg biografisk skisse til eige liv: «Døren min har forandret seg til det ugjenkjennelige; / den minst gjenkjennelige delen av et ugjenkjennelig sted».

Kuppner betraktar hendingane på lang fråstand, med eit ironisk blikk som verkar å registrere absolutt alt. Det trivielle vert bokført hand i hand med det opphøgde, som ikkje vert forfremja, og det vitnar om ein «gjenstridig nivillering», slik den norske redaktøren Rune Christiansen uttrykkjer i etterordet.

Eit gap opnar seg mellom den sjåande og det han ser på. Nett fråværet og glipa utgjer ein stor del av dikta til den skotske poeten, trass i at diktsekvensane, i sin omhyggelege skildringsiver, ser ut til å fylle og dekkje kvar einaste moglege krok og bresje. Likevel, det er nett desse tomromma det dreiar seg om, mellom til dømes to personar sett på avstand frå fotografens linse, og deretter avstanden i tid mellom fotoet og den som saumfer fotoet.

Det finst noko urovekkande pedantisk og pirkete, ein nesten overdriven detaljfetisjisme, i tekstane til Kuppner, som òg manifesterer seg til gangs i forma: Alle dikta består konsekvent av nummererte firelina strofer. Slik innfører også diktsekvensane regelbundne blankliner – pausar og rom – i pågåande handlingssekvensar. Somme av dikta består av nesten 180 nummererte diktsekvensar, og slik får ein kjensla av at dikta er ein maskin som i prinsippet kunne forlengast mot det uendelege. Forma gror ikkje naudsynleg fram or emnet, men vert tvert om til noko eige og påfallande i Kuppners forbløffande litterære univers.

Bergen, 30.9.2020