Vibeke Rosenberg debuterer med den som bor ved et juv, ein bundel med naturlyriske dikt, sansingar og refleksjonar som det er all grunn til å dvele ved. Les kritikken av den som bor ved et juv av Vibeke Rosenberg her.
Livsreise og måneferd
I Aina Villangers fjerde bok, Onkel Arne og månen, dreier det seg om onkelen til forfattaren. Han tok sitt eige liv i 1969, året for måneferda til Apollo 11. Månen og måneferda spelar ei essensiell rolle i boka og i tekstane, både som tidspuls og koloritt, men også som overordna motiv og bilete på Arnes lengslar, frykt og fantasiar. Les kritikken av Onkel Arne og månen av Aina Villianger her.
Kjøtetande dikt
Maria Dorothea Schrattenholz vert i 2015 nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktboka Atlaspunkt. Hennar andre diktbok, Protosjel, står ikkje attende for debuten. I Protosjel finst ein markant energi, ein puls som pumpar fram linene, kombinert med ei sanseleg og ekspanderande biletskaping som grip tak i lesaren. Les kritikken av Protosjel av Maria Dorothea Schrattenholz her.