Urtidsklang

:poesikritikk


DIKT

Mathias Nyhagen Asplund

Eins pust

Cappelen Damm (2021)


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Klangfull, vridd syntaks

Når ein les desse ordfattige debutantdikta, får ein kjensle av å verte plassert i ei urtid, i eit jeger- og sankarsamfunn der ein konsentrerer seg om dei heilt basale tinga: Overleving. Dikta samlar seg kring fødsel, død, fjell, himmel, stein, dyr. Iblant verkar det som om språket ikkje er språk, men står på terskelen til språkleggjeringa, i overgangen frå lyd til ei artikulering av språkleg meining. Diktspråket er altså prøvande og ope: «Eg talar til / fjellet // o drep / alt vakkert / alt drep meg / føre fjell / no er fjell / o eg / o / eg o / fjell».

Dikt som dette kan fungere som eit kikkhol inn i ei framand verd med andre lover. Og fordi dikta er så sparsommelege med tanke på byggesteinane i universet det faldar ut, må dikta i nokon grad invitere lesaren inn som meddiktar. Alternativt kan lesaren berre gi seg hen til lydlandskapet. Og då har lesaren teke steget inn i den verda.

Her finst registreringar, sanseobservasjonar og tillaup til ei form for tenking kring poetikken: «Og då // målar eg ikkje / orda // men hermar // det som orda kan vere». Her kan lesaren nok sjå for seg at diktet freistar å seie noko om uttrykk versus avbilding; orda kling direkte, i seg sjølv, samstundes om dei utseier ein påstand om noko. Lyd kan òg herme og etterlikne ting i verda. Dikta gjev lesaren inntrykk av at debutanten legg ekstra trykk på det utøvande og handlande aspektet: På utseiinga. Den mest sentrale handlande motivet i diktboka dreier seg om det mange ser på som sjølve handlingsdestillatet: Jakt – og drap på dyr.

Eit karakteristisk og gjennomgåande trekk ved diktsekvensane er denne påkallande utbrotspartikkelen, o-en som plassert framfor utvalde ord og som ein finn spor av i kvar einaste diktsekvens. Ein terpande bruk av denne o-en tippar over i det tilgjorte og utspjåka, kan hende. Dei tydelege deklamatoriske trekka ved dikta har ulike retoriske funksjonar: Dei strekar under dei lydlege aspekta. Dei markerer kjensleutbrot, eit ordlaust møte med noko overveldande, samstundes som utbrots-o-en besjelar omgivnadane. Oppattakinga får ein rituell, sverjande kraft.   

Den vridne og lett framandgjorde syntaksen, som tvingar fram og synleggjer dei syngjande eigenskapane ved språket, får lesaren til å fornemme konturane av ei anna, skrudd verd. Det er eit trekk ein kjenner att frå samtidspoesien, til dømes i lyrikken til Erlend Nødtvedt, Vemund Solheim Ådland og Øyvind Rimbereid. Tidvis vert det vent og underleg og fint hos debutanten, men det vert også ein smule forterpa. Og det er som om dikta ventar på det siste, fortryllande kneppet.

Bergen, 17.april 2021