He Dong bur i Noreg og skriv dikt på kinesisk. Meir enn ei gjendikting eller ei omsetjing handlar uttrykket i Måneglass om å bruke tospråklegheita aktivt i ein poetisk samanheng. Gapet mellom dei to språksystema vert gjort synleg slik at forholdet trer inn som ein ekstra grafisk-litterær storleik i diktinga, anten ein kan kinesisk eller ikkje. Les kritikken av He Dongs diktbok Måneglass her.
Ei syngjande gjendikting
Det eksisterer ein rik norsk gjendiktingstradisjon når det gjeld Robert Burns. Den strekkjer seg frå Henrik Wergelands til Johannes Gjerdåkers gjendiktingar. Peter Fjågesunds gjendiktingsprosjekt er kan hende meir radikalt fordi det freistar å skrive Burns inn i det språket mykje av den norske folkelivslitteraturen vert oppskriven i, nemleg målet frå Vest-Telemark. Les kritikken av Songar og dikt på telemål av Robert Burns og gjendikta av Peter Fjågesund her.
Undergang og framhald
I den tiande diktboka, Livshjulet, gjer Cornelius Jakhelln opp status. Han grip mot det som ligg attom verda, mot den tidlause krafta som genererer tida og livet. Samstundes rettar dikta seg mot eit akutt her og no: Eg-et er blitt far. Den hendinga, som både representerer ei gjentaking og ei unik nyskaping, er navet i desse dikta. Les kritikken av Livshjulet av Cornelius Jakhelln her.
Når dikt er alt du er
Fatemeh Ekhtesari er iransk poet, fødd i 1986, som kom til Lillehammer som fribyforfattar i 2017. No er det fyrste diktutvalet, Vi overlever ikke, kome på norsk, gjendikta av Nina Zandjani. I desse dikta er det ei desperat, energisk røyst som regjerer. Les kritikken av Vi overlever ikke av Fatemeh Ekhtesari her.
Frå spegel til spegel
I Barbar av Morten Langeland vrir og vrengjer forfattaren på sjølvframstillingas tendensar. Sjølvframstillinga i Barbar nærmar seg det parodiske. Tekstane er overdrivne aktuelle og farga av det samtidige: Pandemien er innskriven, og i språket figurerer oppdatert slang – og teknologisk og populærkulturell referansemani blandar seg med tidstypiske livsstilmarkørar. Les kritikken av Barbar av Morten Langeland her.
Årets beste diktbøker 2020
Berre sekundet tel den store samanhengen. Heldigvis finst uendeleg med år og tid og byrjingar og sluttar inni eitt vanleg år, slik det finst enda meir stein inni ein stein. Poesiåret 2020 har definitivt si eiga tidsrekning. Dagane og dikta kom som dei ville. Humbaba har freista å lyfte fram nokre fine poesibøker frå 2020 – bøker som gjer at året ikkje nødvendigvis byrjar eller sluttar der kalenderen gjer. Les om Årets beste diktbøker 2020 her.
Tresko i maskineriet
Ida Börjel er ein svensk prisløna poet. Konseptverket Sabotasjemanualene utkom fyrste gong på svensk i Noreg på forlaget H//O//F i 2013. Seinare er boka omsett til engelsk, spansk og dansk. No kjem Sabotasjemanualene ut i norsk språkdrakt, og som ein ny versjon. Les kritikken av Sabotasjemanualene av Ida Börjel her.
Eit lyrisk temperament
Jeg vil våkne til verden av Karoline Brændjord er, på fleire vis, uhyre sterk. Ikkje minst ligg den poetiske krafta i den språklege og lyriske handsaminga av ein til dels trykkande og dyster materie. Les kritikken av Jeg vil våkne til verden av Karoline Brændjord her.
Flyttbart språkgods
I Inventarium av Pedro Carmona-Alvarez er eit biografisk-lyrisk minnearbeid på gang. Eksilerfaringa, det å ha ein barndom og ei slekt frå eit anna land, kjem sterkt til uttrykk i dikta. Likevel stampar dei ikkje rundt i den eigne forteljinga, dei lyftar seg til eit allment nivå. Les meldinga av Inventarium av Pedro Carmona-Alvarez her.
Sonettkrans i krisetid
Sonettkransen Rundt jorda har som eit tematisk utgangspunkt kosmos, kloden og det skiftande og yrande biologiske livet – og den trugande økologiske krisa. Les kritikken av Rundt jorda av Camilla Groth her.