Urtidsklang

Når ein les desse klangfulle og ordfattige dikta i Eins pust av Mathias Nyhagen Asplund, får ein kjensle av å verte plassert i ei urtid der ein konsentrerer seg om dei heilt basale tinga. Iblant verkar det som om språket ikkje er språk, men står på terskelen til språkleggjeringa, i overgangen frå lyd til ei artikulering av språkleg meining. Les kritikken av Eins pust av Mathias Nyhagen Asplund her.

Naturtap og klimasorg

Kristin Bergets nyaste diktbok er ei poetisk undersøking og gjennomtenking av naturtapet eller klimasorga. Her møtest det heilage og profane, idyllen og katastrofen, ritualet og kvardagen, namnet og kroppen. Å reflektere over korleis klimasorga ter seg er ikkje uvesentleg, for korleis ein handterer den sorga bestemmer forholdet til naturen og korleis ein møter naturøydeleggingane. Les kritikken av Våre sår i hogstflaten / rense overgi blanke trær / blomstre opp i dødsraten / hvisk navnet / ut her av Kristin Berget her.