Skjærsild av Raúl Zurita er ei svært samansett bok som består av verbale og grafiske dikt, brev frå ein psykiater, og ja, på slutten av boka finn ein fleire prenta elektroencefalogram. Trass mangfaldet av former, finst eit sterk indre samband mellom dikta, og dei gir eit mangslunge og opprivande bilete av den politiske valdens former. Les meldinga av Skjærsild av Raúl Zurita, gjendikta av Pedro Carmona-Alvarez, her.
Litterært minnearbeid
Den førre diktboka til Marianne Teie falda ut eiga slektshistorie. I Jeg lar det være slik er det framleis det historiske diktet som gjeld, men omdreiingspunktet er livshistoria til Joseph Hirsch Schechter, som hadde tysk-jødisk opphav og spelte fiolin i Harmonien i Bergen. Les meldinga av Jeg lar det være slik av Marianne Teie her.
Fabrikkens ulmande energiar
Lars Ove Seljestads diktbok som kom i vår, har ein lang og litt uroande tittel, som fortel om uforløyste og potensielle energiar, Lyden av stein som flyttar seg under vatn. Les meldinga av Lyden av stein som flyttar seg under vatn av Lars Ove Seljestad her.