Casper André Lugg skriv ordknappe dikt, med slåande enkeltbilete, som freistar innsirkle og intensivere eksistensielle smertepunkt. Ein får assosiasjonar til Tor Ulvens poesi, men Lugg har eit større tilfang av bibelsk vokabular og ein sterkare religiøs undertone i sine dikt. Les kritikken av Det store svaet av Casper André Lugg her.
Draum som krasjar
I Kristin Storrustens diktbok Barsel har morskjærleiken, og verda, skrumpa inn til eit nullpunkt. I staden fyllest dikta med forbodne tankar om kva ein helst ønskjer å gjere med ein kolikkramma skrikarunge. Les kritikken av Kristin Storrustens Barsel her.
Historias klangar
Fra håpets historie av Hanne Bramness kan lesast i forlenginga av diktsamlinga Den ukjente (2015), som ei framkalling av det som har forsvunne og som ein kritisk refleksjon kring historieskapinga, men også som ein poetikk. Les kritikken av Fra håpets historie av Hanne Bramness her.
Stein Mehrens meir
Lyrikaren Stein Mehren, som døydde i juli 2017, er ein svært ordrik essayist, som utnyttar prosaens lengde- og breidderetningar for å utbrodere sine standpunkt i detalj, i reformuleringar, gjentakingar og i sirklar, tidvis også i ein sverjande stil. Les kritikken av Her har du mitt liv, utvalgte essay av Stein Mehren, redigert av Eivind Tjønneland.
Variasjonar over brukslyrikken
Brechts lyrikk, slik han kjem fram i utvalet til Johan Grip, har ikkje berre overlevd, men kjennest høgaktuell. Les kritikken av Landskap i eksil, utvalde dikt av Bertolt Brecht i Johan Grips omsetjing, her.