Livsreise og måneferd

:poesikritikk


DIKT

Aina Villanger

Onkel Arne og månen

Oktober forlag 2021


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Vent, vondt og viktig

I Aina Villangers fjerde bok, Onkel Arne og månen, dreier det seg om onkelen til forfattaren. Han tok sitt eige liv i 1969, året for måneferda til Apollo 11. Månen og måneferda spelar ei essensiell rolle i boka og i tekstane, både som tidspuls og koloritt, men også som overordna motiv og bilete på Arnes lengslar, frykt og fantasiar. Dødsferda til Arne vert spegla av nedteljinga til månereisa. Men Arne representerer òg ein skrivingas måne for eg-et, som omtalar tekstane i boka som «en månetale / fra en hånd som holder / et knivblad mot strupen».

Lesaren møter ein sinnrik komponert montasje: Lyriske snuttar, nyhendemeldingar, prosa og klinisk journaltekst. Noko tekst kjem frå onkelen sjølv, mellom anna almanakknotat og utdrag frå ei draumedagbok onkelen skreiv. I tillegg får ein passasjar frå pasientjournalane. Desse tekstane vert òg blanda i Villangers eigen poetiske tekst, noko som ein kan ta som eit uttrykk for at det er glidande overgangar mellom ulike eg-personar. For sjølv om ein møter Arne sitt eg i tekstane, består eg-et av eit forhold mellom fleire, både Arnes, forfattarens og tekstens eg, slik også grunnmotivet i boka teiknar opp eit forhold: mellom jorda og månen.

Aina Villangers tekst føyer ikkje saman tekstane til ein heilskap som forklarar og peikar ut årsakar til sjølvmordet. Ho syner betane fram, i bråe kast frå studieopphald i Amerika til gardsarbeid, og i veldige spenn mellom trivielle utstyrslister som nemner «15 fenderfester» til kosmiske utsyn og eksistensielle kvalar.

Prosjektet til Villanger kan minner om det poeten Hanne Bramness gjorde i Den ukjente frå 2015. Dikta der er bygd rundt ei fiktiv skrivebok som skal ha høyrt til ein pasient på Valen sjukehus. Der Bramness’ handterer eit fiktive stoff, byggjer Villangers bok på autentiske dokument, som likefullt får ei litterær handsaming som forvandlar utgangspunktet. Båe prosjekta seier noko om eit grunnleggjande dialogisk moment i diktskapinga.

Det er eit sentralt poeng at tekstmassen i boka til Villanger er springande og heterogen, med tydelege sårflater og rivner, for det er nett sprangets augeblikk – ut i det ukjende, i døden eller i kosmos, denne tekstsamlinga freistar å halde fast. Det er eit vågalt prosjekt. Og det er ikkje meint å lande. Men det er både vent, vondt og viktig.

Bergen, 11. mars 2021

Meldinga har vore prenta i Dag og Tid.