Det kravlaust vene

Torvunds dikt inkorporerer uroa og mørket i ei diktbok for alle

Tittelen på Helge Torvunds diktbok, Liljevilje, høyrest så lettfota ut. Men så er det dette med viljen, som syner til noko uthaldande og insisterande. Når ein kallar eksistensmodusen til blomane for vegetativ, så syner jo det til noko umedvite og passivt, noko som så å seie berre skjer. Korleis kan liljene berre vekse og likevel skape noko som er så kravlaust og vent?

 Hos Torvund handlar det ikkje berre om lilja i og for seg sjølv, det handlar om «det me kallar lilje», om verda slik ho trer fram for oss og inngår i ei utveksling, anten det er med naturen, med augeblikket, historia, kunsten. At ei rekkje dikt er tileigna eller referer til ulike kunstnarar og verka deira demonstrerer at omgivnadane våre heller ikkje er gjevne storleikar, men støtt vert utsett for undring og blikk som ønskjer å sjå og forstå, eller «som kunne sjå det som ennå ikkje var skapt», slik det heiter i det siste diktet i boka, eit dødsdikt.

Det er stor variasjon i desse dikta som likevel samlar seg og siktar seg inn med ytste presisjon. Det eg særleg kjenner i desse dikta, er at Torvund inkorporerer motsetnadane, ja, dei femnar om alt dette i oss som gjer at me ikkje er motseiingsfrie, logiske system, men full av lyter, mørke og uro – og difor menneskelege vesen. Og det dikta då gjer, er ikkje at dei held fram innover og lukkar og stengjer seg av, dei vender seg tvert om utover, mot verda, anten til eit tre, ein kinesisk poet eller til ein skulptur av Henry Moore. 

Mangfaldig går Torvund til verks, dikta kan vere mange stader, på mange nivå, dei kan tone seg inn på eit prosaisk register i eit dikt: «I all openbar gru / i rå brutalitet // er me / her / kor også det milde kjem / mot / oss». Veksle til det poetiske, det skulpturelle, eller røre seg mot det stoiske og bibelske i eit anna: «Me må gå for å møte denne mørke engelen».

Så freistar heller ikkje det poetiske uttrykket å herleggjere, forskjøne og pynte på eksistensen, snarare å gjere eksistensen mogleg ved å vise fram poesiens moglegheiter under ein menneskeleg horisont, med vona om at ein då skal vere «heime / ikkje berre i hytte eller hus / men i heile landskapet».

Helge Torvund syner fram andre sider av poesien sin i denne boka, tematisk, men også i forma. Det forunderlege er at dikta talar til alle og likevel til den eine gjennom å lade språkaugeblikka med biletkraft og energi, men også med ei tenkjande innsikt og ei meditativ ro.

Bergen, 16.10.2020

Denne bokmeldinga har vore prenta i Dag og Tid.