Kjøtetande dikt

:poesikritikk


DIKT

Maria Dorothea Schrattenholz

Protosjel

Oktober 2021


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Drivande diktbok med overtydande kvalitetar

Maria Dorothea Schrattenholz vert i 2015 nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktboka Atlaspunkt. Hennar andre diktbok, Protosjel, står ikkje attende for debuten. I Protosjel finst ein markant energi, ein puls som pumpar fram linene, kombinert med ei sanseleg og ekspanderande biletskaping som grip tak i lesaren.

I dikta møter ein eit eg som er iferd med å miste ein nær person, og dikta fokuserer på nedbrytingsprosessane og eg-et som prøver å vere nær og til stades. Som freistnad på å minimere tapet, konstruerer eg-et ein maskin som skal ta vare på sjela til denne personen. I den siste seksjonen i boka, «Var», verkar det som det er denne sjela, frigjort frå den fysiske kroppen, som fører ordet, og i korthogne diktsekvensar pendlar mellom minne og den kroppslause sjelas notid, som er fylt av sansingar av «hun»: «har hånd / fordi forventning / om hånd // kan ikke gripe / er ugrepet».

Protosjel er ein slags filosofisk-sanseleg undersøking av eit klassisk filosofisk problemfelt, nemleg tilhøvet mellom ånda og materien, sjela og kroppen. Språket materialiserer seg også i eit liknande spenn: Her finst eit utal av vitskaplege og tekniske termar, slik som «kvantekrystall», «irridium», «orbitalbevegelse» og «fluks», føya saman med, og forankra i, eit meir mjukt og daglegdags univers, der mellom anna ein katt og etescener inngår. Maskinen som vert konstruert, vert kalla for ein «sarkofag», og opphavleg tydar det greske ordet «kjøttetande». Det er som om Maria Dorothea Schrattenholz freistar å gi liv til noko som er iferd med å forsvinne, og som iallfall ikkje er mogleg å sjå, kjenne eller observere. Fleire av omgrepa innanfor moderne fysikk baserer seg også på teoretiske antakingar. Og slik kan ein, i lys av Schrattenholz’ dikt, lese den teknisk-vitskaplege verda som å vere grunnlagt på både tap av og lengt etter noko.

Ingen dikt utan paradoks. Sjølv om diktsekvensane er fylte av vitskapleg terminologiar og etterkvart trer inn i det kroppslause, har dikta foten i ei konkret verd av kropp, nærleik og daglegliv. Og diktas kroppslege, fysiske sider, især dei rytmiske kvalitetane, gir dikta eit umiskjenneleg menneskeleg nærvær, eller sjel. I denne diktboka arbeidar bilete, syntaks og ordval uvanleg godt saman.

Bergen, 5. mars 2021