37 år etter at Nils Yttri (1947-1980) døydde, og etter at dei fleste trudde at alt han hadde skrive var gjeve ut, kjem ei etterlaten diktsamling av poeten. Vender tilbake til deg, Paris kan karakteriserast som reisedikt, minne- og kjærleiksdikt, eller dikt der den eksistensielle søkinga står i sentrum. Les kritikken av Vender tilbake til deg, Paris her.
Det som skjer når ingenting skjer
Det meisterlege med Jeg husker av Joe Brainard (1942-1994) er at boka har ein nærmast latterleg enkel grunnstruktur, og likevel står fram så litterært rik. Ho maktar å framstille verda overraskande ny og frisk. Les kritikken av Jeg husker av Joe Brainard omsett av Nils-Øivind Haagensen her.
Litteratur mot barbariet
Fragment av Lars Norén er tidvis opprivande lesnad. Det er ei bok full av sjokkerande, vene brokker. Det er ei bok å leggje frå seg og vende attende til, å bli redd, men også klok av. Les kritkken av Fragment av Lars Norén her.
Kaste seg uti
Sidan tekstane i Tanken på det pelagiske av Øivind Hånes skiftar på å zoome inn på ulike kroppsdelar og zoome ut i havet, får komposisjonen pust, puls og rytme. Les kritikken av diktboka Tanken på det pelagiske av Øivind Hånes her.
Mytas tilbakekomst
Den amerikanske poeten Louise Glücks diktbok Averno er fascinerande lesnad. Gjennom å pirke i myta om Persefone, i diktsekvensar som problematiserer stoffet gjennom eit vidt poetisk spekter av skrive- og tilnærmingsmåtar, får poeten lesaren til å tenkje. Les kritikken av Averno av Louise Glück her.
Lyrisk kopling
I diktform let Gro Dahle den russiske poeten Anna Akhmatova (1889-1966) møte den amerikanske beatpoeten Frank O’Hara (1926-1966). Når Gro Dahle utset sitt eige språk for to så ulike poetiske praksisar, befruktar det hennar eige språklege univers. Les kritikken av Anna og Frank av Gro Dahle her.