Sorgformular

:poesikritikk


DIKT

Ingvill Solberg

Sangene og somrene

Gyldendal forlag (2021)


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Formsikre dikt som opnar seg mot undringa

Diktboka til Ingvill Solberg, Sangene og somrene, er vigd tapet av ein bror. Det er ikkje den fortvilte og stammande sorga ein møter i dikta, men eit foredla tap på veg mot avklåring: «Jeg holder deg fanget // som en perle under tunga. / Det tar lang tid å skape / et oratorium, et korallrev.»

Sorg er ein tilstand og ikkje eit kronologisk forlaup. Her finst dikt som påkallar og fastheld broren, som syner korleis sorga veks, set seg i alt og korleis minna vert silt gjennom sorga. Likevel peikar diktboka på ei utvikling: Ho byrjar med dagens omstende, for så å arbeide seg bakover i tid, til minna, og framover, til broren gjekk bort. I den bolken finst rett nok dikt som òg formidlar at sorga er vorten ein naturleg del av eg-et.

Universet i denne diktboka gir ein ei kjensle av å støyte på noko besettande, elementært og nake. Her finst ein relativ fast og ukomplisert motivkrins som vert supplert og opptrer i nye samanhengar og vinn seg stadig nye tydingsnyansar: Skogen, songen, fuglane, elva.

Det finst også ein frapperande eleganse i dikta, som nesten står i kontrast til det ein vanlegvis tenkjer på som opprivande, kaotisk sorg: Dikta er uhyre formmedvitne. Det er nærliggjande å tenkje på formularet når ein les dei fordi diktets skjema trer så distinkt fram. På underfundig vis flettar dikta fram eit konsist mønster som dei diskret forskuvar, vrir eller kastar om på samanhengen. Gjennom denne mønstringa av orda vert ny og særeiga meining skapt.

Kanskje kan dette formale aspektet stå som eit apropos til korleis ein kjem seg ut av og veks på sorga. Opninga finst i sorga sjølv: Dei faste, kvernande sorgelementa kan, gjennom ei beskjeden skipling, forbinde seg på nye måtar: «Jeg flytter ut / av huset mitt / og inn i skogen. // Jeg flytter ut / av tankene mine / og inn i hendene. // Jeg bygger et hus / der vi kan bo / i hemmelighet.» (s. 28)

At Solberg ikkje går laus på sorga med store fakter, men tvert om held attende og bringar fram den vesle sorga, er godt gjort. På eitt nivå kan dikta til Solberg nærmast slutte seg om seg sjølv, fullbyrde seg, som om dikta og sorga gjekk restlaust opp. Sjølv om dikta formelt står fram som gjennomførte og fullbyrda, endar dei likefullt i ein uoppløyst rest der spørsmål og ny undring ventar. Og det er òg godt gjort.

Bergen, 25. februar 2021

Meldinga har stått på prent i Dag og Tid.