Lyrisk maksimalisme

Imponerande langdikt

Korleis ser den verda ut som ein overlét til ungane? Kva ansvar har ein for den? Og korleis skal ein gripe verda og sanninga, når ein er så sterkt veva inn i dei og står «midt i en elv / som løser opp alt / i bilder, drøm og engstelse»? Dette er nokre av omdreiingspunkta i Rune Berglund Steens maksimalistiske, reflekterande og ekspansive langdikt, Europa, din vinge og storm.

I større og mindre sveip ber langdiktet fram betar av den moderne europeiske historia frå førre hundreåret og framover, der diktet særleg krinsar rundt 2. verdskrigens og fascismens avgrunn. Det er eit lærd dikt, imponerande rikt på referansar der det heile tida gjer kulturhistoriske, arkitektoniske og litterære nedslag. I diktet vert lesnaden av MiŁosz, Tranströmer, Mandelstam, Akhmatova og Benn til sjølvstendige motiv. Men fyrst av alt er diktet eit forsøk på å veve ei individuelle livshistorie, kjærleik, ekteskap, born – og glede og otte – inn i den kollektive historia. «Noen ganger / er litteratur bare / den formen hjelpeløsheten tar», skriv Steen ein stad.

Slik eg les Steens slyngande dikt, er det eit historisk visjonsdikt. Diktet posar seg ut, rører seg fram- og attover i spiralar og konsentriske sirklar, søkjer attende til minne og hendingar, men fyrst av alt flaggar det framtidsangst, fare og åtvaring. Diktet etablerer parallellar mellom hendingar i notida, til dømes slik fleire land møter folka som tek seg over Middelhavet, og fascismen i førre hundreåret.

Her er berande og fascinerande bilete som kjem att, slik som elva, stormen, eller eit tregulv i Stockholm. Men Berglund kan også skape bilete i det små som utvidar seg: «da snøen sank i vannet / som restene av en lys planet / som sank inn i en mørkere».

Det ligg i det ekspansive langdiktets natur at det fråtsar i ord og klangnyansar, men Berglund gjer det aldri berre for klangens skuld. Dette er eit dikt som prinsipielt kan halde fram, som ikkje stoggar der det kunne ha stogga, men som freistar å uttømme og kome til botnar av sitt emne. «Fascister trenger ikke fascismen, / slik en storm ikke trenger meterologer. / Stormen er der uansett.» Treng ein den siste lina her? Kanskje, kanskje ikkje. Nokre sekvensar kan sikkert iblant kjennast pompøse og høgstemte, men Berglund er sjeldan forløysande lesnad i ein samtidslyrikk som iblant kan verke å krinse nøgd rundt det vesle livet.

Bergen, 27.september 2020