Fram og tilbake til framtida

Dikta til Jo Eggen svingar raskt, i tid og rom. I dikta kan utkantar brått forvandle seg til lyriske sentralpunkt

I diktbøkene Stavkirkedikt (2010), Øydikt (2013) og Ruindikt (2017) er reisa ramma for dikta til Jo Eggen. Reisa er eit integrert motiv, på fleire plan, også i årets utgiving, Dikt om Sverige: Fyrst er det ei reise til ulike stadar i Sverige, samstundes høyrer me også om ei reise i tid: Ei reise eg-et gjorde til Sverige i barndomen, på 1960-talet.

Barndomsreisa var også ei reise til den framtida, det vil seie den moderne tida som den gong var iferd med å falde seg ut. Framtidsførestillinga handlar om det økonomiske framsteget, om oppføringa av moderne heimar, blokker og praktiske byar i lys av framtidsdraumen til den sosiale ingeniørkunsten og sosialdemokratiet. Jo Eggen skriv altså om byrjinga til denne framtida på eit tidspunkt ho er iferd med å krakelere og kollapse. Dikta til Eggen står så å seie og observerer midt inne i forfallshistoria.

hva er hjemmet
hva består det i
er ikke hjemmets vesen
å ha vært der alltid
å alltid skulle være der

Utdrag frå «Möttingselberget, Wilhelmina», Dikt om Sverige

Boka startar ikkje heime, men ein annan stad, med eit vent dikt om kaiene. Eg-et observerer dei over hotellet, på plenen, på røykeplassen, «i bibliotekets bergvegg», ved kornmagasinet og i flukt over himmelen. Kaier er sosiale fuglar og søv saman i talrike flokkar. Kaiene fungerer som bilete, mellom anna på denne historiske epoken dikta er på veg inn i, fuglane vert likna med «fordums arbeiderflokker i sotete fabrikkbyer», men kaiene er også skilt frå menneska og den historia dikta krinsar om: «Jeg vil aldri kunne snakke med kaiene / jeg er en annen enn dem». Kaiene er «et sted i midten der det ikke var noe / et sted i midten der det bare var de». Kaie-diktet minner altså om at det finst noko anna – til dømes ingenting, ei negerande kraft – i midten, bortanfor dei potente politisk-økonomiske maktkonsentrasjonane som syg til seg og kapitaliserer all energi. Og midten er rørleg, den flyttar på seg. I den midten finst kan hende det overskridande, kvilen, pausen, musikken, kunsten, lyrikken.

Hvor blir det av hjemmet
når du ser tvers gjennom det
når det bare er streker og bokstaver
et ark på Stadsarkivets bord
et u-hjem en trussel mot seg sjøl
stampa raskere opp av urgrå leireåker
enn runesteiner kan spytte bokstaver og glefse
 
Utdrag frå «Hjemmet», Dikt om Sverige

I Eggens dikt reiser ein ikkje berre utifrå heimen og tilbake i tida, ein reiser også heim i desse dikta, til eigen barndom, men òg til dei nybygde, lyse og praktiske framtidsheimen der opplysings-, likskaps- og frigjeringsprosjektet skulle realisere seg – ved hjelp av empirisk forsking og vitskap og industriell økonomi. Slik vart heile den svenske sosialdemokratiske velferdsstaten til ein heim, til «folkhemmet». Det eg-et derimot ser på reisa i dagens Sverige, er ein stat som har abdisert, «der Ingen styrer, for tinga / er jo bare slik de er når de er virkelige / når de er kvitt sosialdemokratiets båndtvang / nå springer virkelighetens hund glad og kreativ omkring» («Sommerbjørker»). Når og kvifor gjekk det feil?

I dikta – som står fram som energiske ladingar, aggregat og legeringar av notid, fortid, brokkar, kunnskapar, anekdotar og innskot – vitjar eg-et ulike stader i Sverige, bur på hotell og går på bibliotek der den mørkare fortida, i form av bøker, fotografi og dokument, finst. I bøkene får eg-et glimt av tida som herska før den moderne tida, tida til «Lort-Sverige», då folk budde i mørke, tronge og usunne bustader.

I dei tette diktmontasjane finst også eit anna frekvent motiv, beståande av alle referansane til, og skildringar av tre; svartor, piletre, lønn og asal brettar seg ut på boksidene; ein bolk heiter også «Bjørkene i Umeå». Og i tillegg til denne openberre og sterke fascinasjonen for tre, kjem eit par dikt der hår er eit hovudmotiv. Kva er det med håret og trea i høve til det moderne prosjektet, framsteget?

Når eit tre er involvert i eit dikt, tenkjer ein med ein gong, kanskje, at treet er natur og at det ber på mytologiske førestillingar. Treet kan nok også representere dette i Eggen-dikta, dei står for mykje ulikt der, men det er ei særeigen tidsforståing og eit spesielt rørslemønster som eg tenkjer treet syner til i Eggens dikt. Rastlause rørsler finst i rikt mon i dikta til Jo Eggen. Rørslene der har ikkje ei bestemt retning, dei er ikkje berre framoverretta, homogene forløp, snarare gjer dikta bråe kast, pendlar, snurrar rundt, skyt seg uavlateleg fram og attende i høgt tempo – ja, iblant skiftar det så hurtig og brått at ein lurer på kor diktet er og kor diktet har forankringa si.

Trea som altså formeleg yrer over boksidene, i vene og suggererande lyriske sekvensar, står i motsetnad til framsteget og den homogene tida og voksteren framsteget inneber. Kva type rørsler finst i eit tre? Treet står jo stilt. Og kva rørsler finst ibuande i håret? Både treet og håret veks og får retninga frå voksteren. Voksteren til eit tre er langsam og består av skilde rørslemoment: Bevegelsen skjer i fleire retningar, vertikalt og horisontalt, nedover, oppover og utover. Det er sprikande rørsler, og ei viss tilbakestrøyming skjer, noko som gjer at voksteren i ei grein bøyer av og veks i vinkel, motsett veg. Rørsla som oppstår når ein kombinerer dei ulike rørslemønstra til treet, kan samanliknast med langsame kvervlar, spiralar, eller, om ein tenkjer på håret, så kan rørslene samanliknast med lokken, krøllen. I lys av kvervelen og spiralen kan ein også sjå den energiske diktforma til Eggen. Dikta reiser ut, men den retningsbestemte reisa framover er kombinert med bevegelsar som skyt seg oppover, nedover, utover, samt tilbakestrøyminga, til fortida, til barndomen.

kraftige greiner sprekker lever
der honningmørk sol kiler seg fast
greiner hver sin vei
og treet er bare veiene det tar
i det blanke suset av lange blad
vrir seg grønt og hvitt om hverandre
men som om de aldri skal forandre seg
trofast bli værende
blir der de er
blir blad der

Utdrag frå «Piletreet», Dikt om Sverige

Dikta til Jo Eggen er stringente og sprelske, fulle av energiar, kunnskapar, avbrot, sitat, framhald og lyriske punkt og svingingar. Dikta kan rett som det er bryte ut i rame og beiske politiske karakteristikkar: «Hvor er staten i Sverige / er den blitt forbudt», for så å vri seg rett inn i det vene, berre for å synge.

Bergen, 16.10.2020