Katalog over livet og verda

Debutant som dyrkar den slåande og småskrudde formuleringa

Det er ikke synd på meg men jeg syns det er Maren Granruds debutbok. Sjølv om boka ikkje er forsynt med ein sjangermerkelapp, så dyrkar forfattaren dei korte og fyndige tekstane som strekkjer seg frå nokre liner til ei side. Fleire tekstar gjer bruk av linedelinga for å skape pausar, late noko henge i lufta eller understreke eit poeng. Tekstane alar fram den innfule, småskrudde og poengterte formuleringa, slik som: «jeg er altfor ubesluttsom til å ha et navn i bestemt form», og «man trenger ikke være en seriøs person for å ha seriøse problemer».

Dei spenstige utbrota vert likevel ikkje til livsmaksimar hogne i stein. Den førebelse forma, der setningane ikkje vert skilde med punktum og store bokstavar, kombinert med ei utstrekt sjølvkommentering, gjer dei høgst reviderbare.

Eg-forteljaren ein møter i boka er ein 31 år gamal kvinne som konsumerer psykologar og søkjer å forstå barndomen, kjærleikslivet og identiteten sin. Eigen identitet er ikkje uavhengig av andre, noko internettrøyndomen for lengst dokumenterer. Ein grunnleggjande ambivalens på eigne og andre sine vegner manifesterer seg, der ho sjonglerer ei rekkje livsalternativ utan å bestemme seg.

Her finst ingen kronologisk progresjon. Boka står meir fram som eit aggregat, ein montasje, som rører seg i sprang, og som likevel vender attende til nokre faste punkt: til dømes haien, Knut Risan (forteljerøysta i Tre nøtter til Askepott) og tv-serien The Truman Show. Også Darcie Wilder, som har skrive ein tekst basert på twitterformatet, utgjer eit viktig referansepunkt for eg-personen.

I tekstane finst rike ymt til populærkulturelle uttrykksformer, bruk av slang og minningar av verbale infrastrukturar ein kjenner att frå ulike sosiale medium. Dette har ein stor og sjølvsagt plass som biletreservoar og råstoff for sjølvbekjenningane. Når ein plantar om digitale uttrykksformer til papirboka, og gir dei ei eksistensiell lading, oppstår det spennande og verknadsfulle effektar, noko til dømes ein forfattar som Audun Mortensen har jobba ein del med.

Maren Granrud har skrive ein litterært leikande tekst som evnar å setje det forvirrande moderne livet på dagsordenen. Ved å slynge ut blødmer, absurde betraktningar, anekdotar og aforismeliknande tekstar som balanserer mellom visdomen, naiviteten og dumskapen, vert boka til ein spegel der fortvilinga og latteren går hand i hand.

Bergen, 24.9.2020