Om ein freistar strupe elden ved å slå på han, risikerer ein at glørne spreiar seg og vert kjelde til fleire brannar. Dette kan stå som eit bilete på dei rike rørslene som finst i Sånger och formler, skriven av den svenske poeten Katarina Frostenson. Les kritikken av Sånger och formler av Katarina Frostenson her.
Framtida som kjem bakanfrå
Mona Høvrings dikt er i språkleg alarmberedskap og tek språket på alvor, i den forstand at språket aldri er nøytralt, men veit at det har evna til å nøytralisere menneske. Høvring kan snu og vende på eit bilete og ikkje gje det fred, men kan også, andre stader, late det få stå og tone fram i all sin enkelheit. Les kritikken av Mona Høvrings diktbok Jente med dødningehode her.
Vennlege og groteske systerskap
Gro Dahle undersøkjer systerrelasjonen i alle sjatteringar. Her finst bilete som sender assosiasjonane på reise i svært ulike retningar, samstundes som systerdikta rører seg frå det vennlege til det burleske og groteske. Les kritikken av Gro Dahles diktbok Søster her.
Stuntpoesiens alvor, omsorg og galskap
Framstillinga av Stuntpoetanes historie er svært leseverdig. Thor Sørheim dokumenterer som ein historikar, er passe sjølvironisk, men er høgst alvorleg når han på konsist vis presenterer dei viktigaste hendingane i deira historie. Les Stuntpoetenes historie av Thor Sørheim her.