Tilgjengelege gåter

:poesikritikk


DIKT

Kjersti Bronken Senderud

Søsterkranser

Oktober (2021)


Av SINDRE EKRHEIM | sindre.ekrheim@humbaba.no


Opne dikt som bevarer spørjinga

I Kjersti Bronken Senderuds siste diktbok, Søsterkranser, utfaldar dikta seg på eit bruk, med plomme- og epletre og ein kjøkkenhage i nærleiken. Her er åkrar, skog, myrer, stiar og lysningar. Iblant dukkar ulike dyr opp, bjørn, har, ramn, kråke og rådyr. Og dei dreg brått sin veg. Også den japanske haikumeisteren Matsuo Bashō og grunnleggjaren av den japanske danseforma butho, Kazuo Ohno, gjer entré, i dikta og på tunet. Japanarane kjem med råd, drikk te og les i lag, jamvel om dei høyrer heime i skilde hundreår.

Staden der dikta til Kjersti Bronken Senderud er forankra, og der desse dyre- og menneskefigurane så å seie strøymer gjennom, balanserer hårfint mellom det reelle, det draumelikande og det mytiske. Slik eg les dikta, inviterer det vesle gardsbruket, som om det var eit scenegolv, til dei poetiske hendingane og underlege forvandlingane: «det finnes en dag tranene er flere / enn jeg kan telle og lyset fra bladene / framkaller faren min ute på jordene».

Søsterkranser er beint fram ei bok full av vene diktsekvensar som grupperer seg rundt bruket. Det rare og fine som skjer, er at idet ein freistar gripe dikta, kanskje for å gjere dei handterbare i ei tolking, så oppfører dikta seg som dyra: Dei forsvinn. Slik leiar dikta kan hende merksemda mot eit avgjerande moment i kunsten og i erfaringa, nemleg kor sentral og skjør den konkrete og bestemte konstellasjonen er. I ein språkskapnad som eit dikt er, er den nøyaktige plasseringa av ordet avgjerande, likevel står ordets plass ope – for eit nytt ord. Sjølv om slike refleksjonar ligg i forlenginga av dikta, må det strekast under at dei ikkje er vanskelege, på den måten ein fugl heller ikkje er vanskeleg. Berre om ein byrjar å spørje kva fuglens flukt kan tyde, og forlangar svar, vert ein forvist til utsida, ein hamnar utanfor krinsen: «Det finnes en lysning i skogen / hvor kråkene har fest / dette er kråkenes sted / her forteller de hverandre / historier som / ingen andre får høre / her utveksler de kunnskap / kun for de innvidde».

Det eksisterer ei grunnleggjande dobbelheit i desse dikta: Dei avdekkjer og tilslører, og bevarer spørsmålet som eit spørsmål. Og slik vert det skapt eit underleg og vent diktunivers.

Bergen, 29. januar 2021