Kristian Bergquist skriv i Over alt på jord med den kvardagslege, snakkande prosatonen og med det diktar eg-et lesaren er blitt så godt kjend med gjennom hans tidlegare diktbøker. Ti år etter terroråtaket 22. juli 2011 har Kristian Bergquist vigd ei heil diktbok til det som skjedde. Korleis talar eit dikt som har mista verda? Les kritikken av Kristian Bergquists Over alt på jord her.
Urtidsklang
Når ein les desse klangfulle og ordfattige dikta i Eins pust av Mathias Nyhagen Asplund, får ein kjensle av å verte plassert i ei urtid der ein konsentrerer seg om dei heilt basale tinga. Iblant verkar det som om språket ikkje er språk, men står på terskelen til språkleggjeringa, i overgangen frå lyd til ei artikulering av språkleg meining. Les kritikken av Eins pust av Mathias Nyhagen Asplund her.
Monumentalt og lågmælt
Ein overordna tendens i diktboka Elementene til Morten Claussen er at dikta strevar mot å overskride dei jordiske vilkåra samstundes som dikta stangar mot, og vert kasta attende på, materien. Følgjeleg er lengta umogleg å tilfredstille. Les kritikken av Elementene av Morten Claussen her.