Kan vere vanskeleg å gripe med ein gong, trass i overtydande musikalitet og biletkraft
Tittelen på den andre diktboka til Bendik Vada, Virkelig igjen, indikerer at noko er kome attende til ein tilstand der det har vore før. I mellomtida må det ha vore i det ikkje-verkelege eller u-verkelege.
Dikta til Vada, som kjem i brotstykke og gjer raske kast, kan vere vanskeleg å få has på. Det er som dei trugar med å løyse seg opp i ingenting, fordampe framfor lesarens blikk. Og ei slik kjensle kan nok også stå i flukt med motiv og tema i dikta. Ein stad bestemmer nemleg poeten diktet som eit «skymjukt rasshøl», altså eit hòl, eit ingenting.
Det røynlege er ein sterk kategori som utdefinerer noko: «uvirkelig er også en beholder / for noe jeg skyver fra meg». Kva som vert rekna som røynleg, er avhengig av definisjonsmakt, av pengar og politikk. Dikta kan lesast som ein freistnad på å utvide røynda, skape hòl, der ein i sterkare grad inkorporerer dei overskridande momenta, for nå «er oppover dekt med et gitter / som spalter alt lys til skjærende tall».
Følgeleg vert røynda i desse dikta meir betrakta som ein pågåande, dynamisk prosess, og ikkje som noko permanent, stabilt og tett, slik ein oftast førestellar seg ho. Forvandlingar og faseovergangar, at noko går over i ei anna form, er grunnmotiv i desse dikta. Slike omskapingar skjer ikkje nødvendigvis utan kvalar: «vannets egen frykt / for å være noe annet enn vann».
Den mellomamerikanske fjørkledde slangeguden frå tida før den europeiske koloniseringa, med det tungebrekkande namnet Quetzalcoatl, spelar ei viss rolle i boka. Hegren er også sentral figur i dikta. Hegren, med sin slangeforma hals, representerer her ei verkeleggjering av den mellomamerikanske guden. Den verkelege hegren er vorte til ein heimsøkt, til noko spøkelsesaktig.
Gudane er skaparar av det verkelege, men dei overskrid skaparverket og er sjølve dels u-verkelege. Gudane formidlar mellom det som ikkje finst og finst. Språket og språkbileta verkar også å stå i ein slik mellomstilling. Språk er altså ikkje nødvendigvis ein talsperson for det verkelege.
Vadas dikt verkar å problematisere noko grunnleggjande: Når ein snakkar så mykje om verkelegheitslitteratur for tida, utan å problematisere røyndomen, men berre tek han for gitt, så er det kanskje uttrykk for ein litteratur som kjenner seg litt for veltilpassa. Slik er ikkje dikta til Vada.
Bergen, 18.september 2020