Poesikritikken leitar ikkje nødvendigvis etter dei poesibøkene som får molekyla og englane til å synge på papiret. Eller hevar fram bøkene som best øydelegg syntaksen, på kostnad av dei som held setningane våre ved like. Les dei femten poesikritikkteaserane her.
Når det ikkje samsvarer
Casper André Lugg er ein dyktig lyrikar, som både tenkjer i, og skapar, suggererande bilete med eit trykk av eksistensielt alvor. Les kritikken av Tilgi det virkeliges blomstring av Casper André Lugg her.
Hendenes lyriske arbeid
Håndbok av Gunnstein Bakke handlar ikkje berre om hendenes verk, men om handa sjølv, den kroppsdelen som strekkjer seg ut i verda og inngår i dei fysiske, endrande og stoffskiftande utvekslingane med omverda. Les kritikken av Håndbok av Gunnstein Bakke her.
Avbrotet
Etter å ha publisert poesimeldingar jamt i to år, tok Humbaba i mai i år beklaglegvis ein lengre pause. Men no startar Humbaba opp att. Som tidlegare publiserer Humbaba minst ein bokkritikk i veka, hovudsakleg av nye, norske poesiutgjevingar. Velkommen attende.