Poesiåret 2016 lir mot slutten. Så det er tid, no når tida renn ut, å gjere opp status over dei norske diktbøkene ein ikkje må leggje til sides når siste kalenderblad vert røska ned frå veggen. Sjå den ikkje-rangerte og ikkje-alfabetiske lista over sju dugande norske diktbøker frå poesiåret 2016 her.
Eit veksande augeblikk
Helge Torvund har skrive ei stor og rik poesibok. Alt brenner grip vidt i tema, kvesser sansane, kjenslene og tanken gjennom å skrive fram ein kombinasjon av intensive og ekstensive bilete som gløder og avdekkjer at det alltid er noko meir å sjå. Les kritikken av Alt brenner av Helge Torvund her.
Ven ordkløyving
Joar Tibergs diktbok Atts jord er ein freistnad på å skrive ein uhyre open naturpoesi, der blikket er styrt av sansen for betane og delane. Langdiktet balanserer heile tida på forståingas kant, og ofte fell det ned på den sida der ein ikkje forstår så mykje, ein må i staden lytte seg fram etter ordlyden. Les kritikken av Atts jord av Joar Tiberg her.
Frå flytande til fast form
I skjeringa mellom forteljinga og diktet, mellom ei flytande og fast form, trugar nokre av tekstane i Vannsikt med å løyse seg opp framføre augo til lesaren. Les kritikken av Vannsikt av Lars Haga Raavand her.
Kroppens løyndomar
Sjølv om den japanske poeten Hiromi Itō i Ete, pule, drite, føde, drepe, blø på sjokkerande vis fordjupar seg i den konkrete menneskelege materien in extenso, skriv i eit utal former, og via dette påkallar viktige refleksjonar kring det kjønna samfunnet, skapar ho svært leseverdige dikt. Les kritikken av Hiromi Itōs Ete, pule, drite, føde, drepe, blø her.