Stilen er kjøleg, avklara og stundom analytisk. Rekvisittane i desse prosalyriske tekstane er få. Dikta utmerkar seg med evna til å forsterke kjensla av heimløyse. Les kritikken av Endehjem av Eivind Sudmann Larssen her.
Lingua ludens
Tonen er lett og lystig i Dikt og udikt om likt om ulikt. Språket til Torgeir Rebolledo Pedersen er eit reinhekla lingua ludens, som gjev akt på ordklangane. Les kritikken av biletdiktboka Dikt og udikt om likt og ulikt av Torgeir Rebolledo Pedersen, illustrert av Akin Duzakin, her.
Fernando Pessoas poesiar
Fernando Pessoa stillar ikkje berre til skode ei rad poesiar, filosofiar og litteraturar som ein slags labyrintisk prestasjon som lesaren skal stå måpande ovanfor. Nei, Pessoa skriv litteraturar i fleirtal som talar direkte til ein lesar også i 2017. Dette syner nyutgjevinga av gjendiktiga frå 1989. Les kritikken av Det er ikkje meg jeg forestiller av Fernando Pessoa i Henning Kramer Dahls gjendikting her.
Alt skal bli til litteratur
Det levde og levande livet smuldrar opp i møte med dei svimlande, ofte mørke tankerekkjene tekstane kvernar fram. Sæterbakkens etterlatne manuskript er ei givande litterær vandring i sjølvets labyrint. Les kritikken av Ikke noe av dette handler om meg av Stig Sæterbakken her.