Lengt i lenker

:poesikritikk


DIKT

Helene Hovden Hareide

Butikksongar

Aschehoug 2020


Av Sindre Ekrheim | sindre.ekrheim@humbaba.no


Diktdebut som set kvardagen i kontakt med dei større systema

Helene Hovden Hareide har tidlegare gjendikta det store, veksande poetiske langdiktet Migrasjonar av den meksikanske poeten Gloria Gervitz.

Potensielt veksande og flytande er også Hareides diktdebut, Butikksongar. Det er ein fiffig og produktiv overbygnad i denne debutdiktboka, nemleg daglegvarebutikken. I butikken hender noko, ein utvekslar varer og pengar, folk kjem og går, og kanskje møter dei kvarandre. I tillegg kjem varene frå ei mengd stadar, slik finst det usynlege trådar som spring frå butikken og ut i verda: «når melonfrø knasar / klementinfrø knusar / mellom mjølketenner / veit eg ikkje kva som veks / i borna // ein ny mangfaldig flora».

Ser ein større på det, vert butikken til eit usynleg kart over den lokale og globale økonomien, der både utbytting, profitt, produksjonslekkar og varebyte finn stad. Slik er dette ei diktbok som rommar ulike system, frå det mindre slektssystemet til økonomien. Grip ein fatt i ein del og tek til å nøste i den, så ser ein kor tett alt er forbundne. Desse dikta startar med dei endane konsumenten kjem i kontakt med, og viser kor fast mennesket er fanga i nettet. Eit system forbinder noko konkret og nært med det fjerne, slik som vatnet som vert ført fram frå naturen gjennom sinnrike røyrsystem, til springen: «så er Korevatnet der / på leppene hennar / og på fjellet på same tid».

Butikksongar gestaltar tre røyster, eller tre blikk frå personar frå same bygd: Butikkmannen Håvard, ei småbarnsmor som har studert økonomane Adam Smith og David Ricardo og ei eldre kvinne som har venta på slaktebilen. Slik vert butikksongar til eit kollektivdikt, der driven mot det nye, lengta ut av bygda, bort frå alle blikka, til utanverda og kjærleiken vert kopla med dei kreftene og banda som held ein fast, butikken, bygda, slekta. Mentalitetane bryt mot kvarandre, i ein kvervel der dei sentripetale og sentrifugale kreftene tilsynelatande held kvarandre i sjakk.

Dikta til Hareide er tilforlatelege, skrivne fram i eit daglegdags, tidvis fragmentert, impresjonistisk språk, beståande av mindre forteljande sekvensar som kjedar seg saman nedover sidene, og som vert til punkt, og ofte til gode enkeltdikt. At Hareide evnar å skape ein fruktbar overordna samanheng til dikta, gjer at dei utvekslar tyding både internt og med overbygnaden. Og nett det er imponerande.

Bergen, 29.oktober 2020