Gå vidare til hovudinnhaldet
Humbaba

Humbaba

Poesi og poesikritikk

Skribent: Sindre Ekrheim

Lagt ut 16. februar 20176. november 2018

Lingua ludens

Tonen er lett og lystig i Dikt og udikt om likt om ulikt. Språket til Torgeir Rebolledo Pedersen er eit reinhekla lingua ludens, som gjev akt på ordklangane. Les kritikken av biletdiktboka Dikt og udikt om likt og ulikt av Torgeir Rebolledo Pedersen, illustrert av Akin Duzakin, her.

Lagt ut 9. februar 20176. november 2018

Fernando Pessoas poesiar

Fernando Pessoa stillar ikkje berre til skode ei rad poesiar, filosofiar og litteraturar som ein slags labyrintisk prestasjon som lesaren skal stå måpande ovanfor. Nei, Pessoa skriv litteraturar i fleirtal som talar direkte til ein lesar også i 2017. Dette syner nyutgjevinga av gjendiktiga frå 1989. Les kritikken av Det er ikkje meg jeg forestiller av Fernando Pessoa i Henning Kramer Dahls gjendikting her.

Lagt ut 2. februar 20176. november 2018

Alt skal bli til litteratur

Det levde og levande livet smuldrar opp i møte med dei svimlande, ofte mørke tankerekkjene tekstane kvernar fram. Sæterbakkens etterlatne manuskript er ei givande litterær vandring i sjølvets labyrint. Les kritikken av Ikke noe av dette handler om meg av Stig Sæterbakken her. 

Lagt ut 26. januar 20176. november 2018

Forunderlege forvandlingar

Om ein freistar strupe elden ved å slå på han, risikerer ein at glørne spreiar seg og vert kjelde til fleire brannar. Dette kan stå som eit bilete på dei rike rørslene som finst i Sånger och formler, skriven av den svenske poeten Katarina Frostenson. Les kritikken av Sånger och formler av Katarina Frostenson her.

Lagt ut 19. januar 20176. november 2018

Framtida som kjem bakanfrå

Mona Høvrings dikt er i språkleg alarmberedskap og tek språket på alvor, i den forstand at språket aldri er nøytralt, men veit at det har evna til å nøytralisere menneske. Høvring kan snu og vende på eit bilete og ikkje gje det fred, men kan også, andre stader, late det få stå og tone fram i all sin enkelheit. Les kritikken av Mona Høvrings diktbok Jente med dødningehode her.

Lagt ut 12. januar 20175. november 2018

Vennlege og groteske systerskap

Gro Dahle undersøkjer systerrelasjonen i alle sjatteringar. Her finst bilete som sender assosiasjonane på reise i svært ulike retningar, samstundes som systerdikta rører seg frå det vennlege til det burleske og groteske. Les kritikken av Gro Dahles diktbok Søster her.

Lagt ut 5. januar 20175. november 2018

Stuntpoesiens alvor, omsorg og galskap

Framstillinga av Stuntpoetanes historie er svært leseverdig. Thor Sørheim dokumenterer som ein historikar, er passe sjølvironisk, men er høgst alvorleg når han på konsist vis presenterer dei viktigaste hendingane i deira historie. Les Stuntpoetenes historie av Thor Sørheim her.

Lagt ut 30. desember 20165. november 2018

Årets diktbøker 2016

Poesiåret 2016 lir mot slutten. Så det er tid, no når tida renn ut, å gjere opp status over dei norske diktbøkene ein ikkje må leggje til sides når siste kalenderblad vert røska ned frå veggen. Sjå den ikkje-rangerte og ikkje-alfabetiske lista over sju dugande norske diktbøker frå poesiåret 2016 her.

Lagt ut 22. desember 20165. november 2018

Eit veksande augeblikk

Helge Torvund har skrive ei stor og rik poesibok. Alt brenner grip vidt i tema, kvesser sansane, kjenslene og tanken gjennom å skrive fram ein kombinasjon av intensive og ekstensive bilete som gløder og avdekkjer at det alltid er noko meir å sjå. Les kritikken av Alt brenner av Helge Torvund her.

Lagt ut 15. desember 20165. november 2018

Ven ordkløyving

Joar Tibergs diktbok Atts jord er ein freistnad på å skrive ein uhyre open naturpoesi, der blikket er styrt av sansen for betane og delane. Langdiktet balanserer heile tida på forståingas kant, og ofte fell det ned på den sida der ein ikkje forstår så mykje, ein må  i staden lytte seg fram etter ordlyden. Les kritikken av Atts jord av Joar Tiberg her. 

Innleggsnavigasjon

Førre side Side 1 … Side 13 Side 14 Side 15 … Side 17 Neste side

Nye innlegg

  • Å dikte etter 22. juli
  • Urtidsklang
  • Monumentalt og lågmælt
  • Temperert
  • Livsreise og måneferd

Nye kommentarar

    Arkiv

    • april 2021
    • mars 2021
    • februar 2021
    • januar 2021
    • desember 2020
    • november 2020
    • oktober 2020
    • september 2020
    • august 2020
    • februar 2020
    • januar 2020
    • desember 2019
    • november 2019
    • oktober 2019
    • februar 2019
    • januar 2019
    • desember 2018
    • november 2018
    • oktober 2018
    • august 2018
    • mai 2018
    • april 2018
    • mars 2018
    • februar 2018
    • januar 2018
    • desember 2017
    • november 2017
    • oktober 2017
    • september 2017
    • august 2017
    • juli 2017
    • juni 2017
    • mai 2017
    • april 2017
    • mars 2017
    • februar 2017
    • januar 2017
    • desember 2016
    • november 2016
    • oktober 2016
    • september 2016
    • august 2016
    • juli 2016
    • juni 2016

    Kategoriar

    • Poesikritikk

    Bakom

    • Logg inn
    • Innleggstraum
    • Kommentarstraum
    • WordPress.org

    RSS Poesi no

    • Å dikte etter 22. juli Sindre Ekrheim
    • Urtidsklang Sindre Ekrheim
    • Monumentalt og lågmælt Sindre Ekrheim
    • Temperert Sindre Ekrheim
    • Livsreise og måneferd Sindre Ekrheim
    • Kjøtetande dikt Sindre Ekrheim
    • Sorgformular Sindre Ekrheim
    • Poesiens doble heimstamn Sindre Ekrheim
    • Naturtap og klimasorg Sindre Ekrheim
    • Tilgjengelege gåter Sindre Ekrheim
    Stolt over å køyra WordPress