Lingua ludens

:poesikritikk


DIKT

Torgeir Rebolledo Pedersen

Dikt og udikt om likt og ulikt

Illustrert av Akin Duzakin

Cappelen Damm 2016


Torgeir Rebolledo Pedersen har skrive fire barnebøker, men dette er første gong han har skrive ei diktbok for barn. Med ein tittel som lyder Dikt og udikt om likt og ulikt, verkar det som Rebolledo Pedersen har skrive ei samling spreidde dikt for barn, utan noko uttala ordnande prinsipp. Tittelen opnar for det uventa og vilkårlege sin innmarsj mellom permane: Det som ikkje passar og rimar i eit dikt, det som ikkje føyer og tilpassar seg. Det signaliserer ei haldning som ikkje let seg styre av anna enn nysgjerrigheita. Men ser ein etter, er det likevel konsekvens og koherens som pregar dikta i biletboka. Dikttekstane følgjer vekslinga i årstidene, sjølv om dette momentet ikkje vert overtydleg; i tillegg finst variasjonar over eit gjennomgangsdikt som bind tekstane og boka saman.

JEG HAR TO HULL I HODET

jeg har to hull i hodet
du har to hull i hodet
vi har hull i hverandres hoder
hvis jeg får titte ut på deg
kan du få titte inn til meg

Frå Dikt og udikt om likt og ulikt, Torgeir Rebolledo Pedersen og Akin Duzakin

«Hull i hodet» tydar å ha ’slege seg i hovudet’, i overført tyding ’vanvitug, borti natta’. Hol i hovudet siktar i diktet sjølvsagt til kroppsopningar, til synssansen og auga. Rebolledo Pedersen brukar eit uvanleg ord (hol) om noko vanleg (auge), men ordvalet hans peikar på det konkrete, på funksjonen. Hol er noko som er permeabelt og slepp noko inn og gjennom. Holet har òg andre moglege funksjonar, det er tomt og det kan fyllast. Og eit hol gjer det mogleg å kome inn. I diktet skjer ei forhandling mellom eit eg og eit du med utgangspunkt i den gjensidige funksjonen av å trenge gjennom og fyllast. Diktet seier rett og slett noko om sansanes tyding for menneska.

Illustrasjonen til det siterte diktet syner ei jente og ein gut som står litt frå kvarandre i ein skog, omgjeven av trestammar. Dei tittar fram frå kvar sin trestamme dei står i skjul av, og stirar på kvarande. Ein kan sjå andletet til jenta medan gutens rygg er vendt mot lesaren. Diktteksten er plassert mellom dei. Dette er det første prøvande møtet mellom dei to. Diktet tematiserer ein invitasjon som også kan gjelde for biletboka som visuelt medium: Biletet og teksten er ein invitasjon til synssansen. Gjennom å lese og forstå teksten kan ein utvide synet på både seg sjølv og omverda: Det er som ein får eitt nytt sett med auge å «titte ut» av. I tillegg til at illustrasjonane er utført med sams teknikk boka gjennom, vil ein på dei fleste oppslaga finne at jenta og guten er på farten, enten saman, kvar for seg eller i lag med andre, i brennpunktet eller bakgrunnen av bileta. Alle oppslaga er plassert utandørs, fortrinnsvis i skogen. Men eitt oppslag, og det skjønar me berre når me les diktteksten, syner ei plattform på ein togstasjon. Lesarane ser berre ryggen til ei rad menneske som gløser ned på noko som ein må anta er ein skinnegang. Det er verdt å merke seg at det finst nokre oppslag utan dikttekst, der Akin Duzakin fabulerer vidare med utgangspunkt i diktuniverset.

Dei 17 dikta krinsar mellom anna rundt sansane våre, møtet mellom jenta og guten, naturens liv, haust, draumar, fiske og soppsanking. Innhaldet i dikta konvergerer mot å syne fram overgangar og moglegheiter, at situasjonar som kanskje verkar låste, kan by ein andre sjansar, at noko kan bli til noko anna. Slik som lauvet som fell om hausten og vert raka opp i dyngar (komposthaugen, kanskje), kan bli til eit hi «som hvem som helst / kan overvintre i».

Det påhitta ordet udikt i tittelen kan ein undre seg over. U-en har ein forlokkande klang og ordet kan nok forståast både i retning av unotar eller vere ei nekting slik som i ufisk og ugras. Men udikt kan vise til det som ikkje er dikta, det som ligg utanfor språket, røynda, og på same tid kan ordet peike mot framtida, mot noko som enno ikkje er dikta, men ventar på å bli det, altså ei oppfordring til lesarane. Ordet udikt er eit første varsel om det forlokkane ein vil finne materialisert i Rebolledo Pedersens dikt: Dikta vekker og skjerpar tankeleiken, refleksjonen og ikkje minst lysten til språk. Elementet av språkleg fridom vert også støtta av alle fuglane Duzakins illustrajonar.

Dikta er gjennomgåande humørmetta. Tonen er lett og lystig, i nokre dikt litt à la André Bjerke, sjølv om Rebolledo Pedersen er mykje meir frilyndt andsynes formene. Språket til Rebolledo Pedersen er eit reinhekla lingua ludens, som gjev akt på å sanse ordlydane og ordklangane, og syner fram orda som manipulerbare og elastiske objekt som overskrid røyndomen ved at diktinga for ei stund set deira ostentative band ut av funksjon. Slik finn ein reine tungebrekkardikt, men også remser og regler som bøyer vår felles internettrøyndom på engelsk i alle tider: ««I phone / you phone / I pad / You pad». Leiken inneber også spel med andre tekstar, frå Shakespeare, til opne allusjonar til barnesongen «Alle fugler små dei er», som i Rebolledo Pedersens versjon er blitt til «Alle knopper små de er». Torgeir Rebolledo Pedersen tek barnelesaren på alvor og byd på ein kombinasjon av morovers og filosofisk mat for den språkspekulerande tanken:

de sier tiden går
men dette året kunne ikke gå
det klarte knapt å krabbe, året
før vi skjøt det ned

(siste strofe frå diktet Nyttårsaften, Dikt og udikt om likt og ulikt, Torgeir Rebolledo Pedersen)

Sindre Ekrheim

Bergen, 16.02.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)