Forunderlege forvandlingar

:poesikritikk


DIKT

Katarina Frostenson

Sånger och formler

Wahlström och Widstrand 2015


Om ein freistar strupe elden ved å slå på han, risikerer ein at glørne spreiar seg og vert kjelde til fleire brannar. Dette kan stå som eit bilete på dei rike rørslene som finst i Sånger och formler, skriven av den svenske poeten Katarina Frostenson. Med denne boka vann ho Nordisk råds litteraturpris i 2016. Fjorårets vinnar kan nok vere krevjande å lese, men boka veks for kvar gjennomlesing.

Frostenson skriv setningar og setningsbrokkar som er forståelege, men skriv dikta i ein fragmentert stil, ofte slik at strofene tilsynelatande manglar leddet som koplar dei direkte saman. I spennet mellom setningane, som står fram som rape og brotstykke frå ein bortfallen heilskap, skyt ein heilskap seg fram: Ein skjør song om alt som forsvinn, men som likevel held fram, i forvandla form.

Trass i at ein kan betrakte Sånger och formler som ei sørgjebok, er grunntonen i fleire av dikta noko eg vil karakterisere som eksistensielt håpefull. Når poeten skriv om moras død, er framhaldet, representert ved minna ein har om den avdøde, noko som bøtar på sorga. Og når ho i diktet «Bråtesgång» skriv konkret om økokrisa, om søppelet som vert skylt opp på framande strender, for «allt måste ta vägen någonstans», vert motivet om alle tings framhald forvandla til ei realitetsorientering knytt til noko som kan skuve oss ut i den endelege katastrofen.

Frostensons diktbok vandrar over store rom, grip langt attende i historia, til den romerske poeten Ovids eksil ved Svartehavet, og skyv seg fram til den økologiske krisa og til terroråtaket mot satiremagasinet Charlie Hebdo, og enno vidare innover i framtida. Vandringa er forresten eit av gjengarmotiva, blant dei mange motivlinene denne boka tvinnar fram og spenner opp. Dei peikar alle på eit framhald. Slik Frostenson også fangar sambandet som finst mellom orda i den lydlikande klangrørsla: «här», «härd», «härda» og «härad».

Hovudtråden er også klart formulert i bokas siste dikt, «Marsyas inskriven». Der står dei to orda, «försvinna forvandlas», ved sida av kvarandre som eit motsetnadspar, eller som eit framhald av kvarandre. Marsyas var ein satyr som spelte på ei dobbeltløpa fløyte. Det kvilte ei forbanning over fløyta og Marsyas vart flådd som straff for å ha spela på ho. Utslettinga av Marsyas var ikkje fullt ut verknadsfull, fordi myta og songen om Marsyas framleis finst og vert tolka på nytt, forvandla. Under eit liknande perspektiv betraktar Frostenson moras død. Frostenson nyttar ordet bortgången, døden er ein prosess, ei forvandling, ikkje ei forsvinning. Mora vil halde fram å produsere minne i dottera.

I Metamorfosane til den romerske poeten Ovid les ein at tårene til dei som sørgde over Marsyas, danna elver. I eit av dikta tek Frostenson utgangspunkt i at ho freista omsetje Ovid, men sidan omsetjinga forsvann i harddiskens mørke, er ho forvist til å gi att liner som kling i hugen. Ovid-omsetjinga hennar forvandlar seg til eit dikt. I det heile tatt skyl liner til mange poetar, klassiske så vel som moderne, opp på desse arka. Men det er den russiske poeten Marina Tsvetajeva som har gjeve tittelen til boka. Frostensons bok er såleis også ein kjærleikssong vigd poesien, forgjengarane og poesihistoria.

Sindre Ekrheim

Bergen, 26.01.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)

 Bokmeldinga har vore trykt i Dag og Tid hausten 2016.