Alt skal bli til litteratur

:poesikritikk


PROSA

Stig Sæterbakken

Ikke noe av dette handler om meg. Selvbiografiske notater

Cappelen 2016


Det sjølvbiografisk spikrar forfattaren til eigne utsegner, til livet og til verda. For den sjølvbiografiske skrifta insisterer på eit samanfall mellom det skrivne og det levde: Slik var eg. Punktum.

Like fullt kan den litterære skrifta forståast som det motsette, enten medvite, som freistnad på å kome vekk frå seg sjølv, frå sitt eige blikks granskande stirring, eller umedvite, at skriftas ibuande karakter er transformerande, at eg’et som ein legg ned i litteraturen vert omdanna til ein absolutt framand. Dette er jo Stig Sæterbakkens uttala ønskje og opplevde erfaring som skrivar og forfattar. «Å skrive er å slippe en annan til, en som skiter i din sosiale skjebne, en som gir blanke faen i dine suksesser og/eller nederlag» (s.110). Skrivinga fører forfattaren stadig nærmare eit sentrum der hans eige sjølv blir pressa lenger og lenger ut i periferien, slik at sjølvet hans utgjer denne periferien, og alt innafor sirkelen er ein avgrunn som sluker verda. Om lag slik oppfattar eg rørslene i desse spreidde sjølvbiografiske notata, anekdotane, aforismane, essaya, dei handlar om alt mellom himmel og jord, og djupast sett er dei litterære, nokså fjernt frå alt ein forbind med sjølvbiografisk skriving, ja det sjølvbiografiske, når ein iblant finn det, kan oftast berre identifiserast som eit spinkelt springbrett, knapt nok det, for meir vidløftige litterære fabuleringar og tankemessige eksessar som nærmast, utan unnatak, konvergerer mot fornektinga, ikkje-eksistensen. Tekstane i Ikke noe av dette handler om meg er like mykje biografien til det u-menneskelege, like mykje livsskildringa til det aldri fødde. Like mykje biografien til ein som vil forsvinne.

I desse tekstane går Stig Sæterbakken opp i lesinga av teikneseriar, i band og musikk han høyrer på, i alkoholen han drikk, i litteratur en han les, i tomflaskene han produserer og kastar, i barndomen, i spekulasjonar fødd av katastrofar, i tekstane av andre forfattarar han skriv om, i gløtt inn i familien, i brev han får, i referansar til Handke, til Schopenhauer, til Bataille, til Gombrowicz’ dagbok. Sæterbakken jaktar på det transformerande potensiale i alle ting, og kan saktens sjølvreflektere og spørje seg sjølv kvifor han vurderte dette eller hint så høgt eller lågt. I ein tekst om ein Donald-historie han les på nytt som vaksen, spekulerer han, på slutten, i årsakene til at han som ung blei så fascinert av nett denne Donald-historia. «Hva var det med dette stedet oppe i Andesfjellenes grå katedraler som trakk slik i meg? Var det isolasjonen? Avsondretheten? Er det det stedet jeg siden aldri har sluttet å lengte etter, drømme å reise til og gjemme meg bort på?» (s. 98).

Frå Donald Duck & Co til Arthur Schopenhauer. Eit slikt spenn, ei slik pendling mellom vidt ulike sfærar finn stad i tekstane til Sæterbakken. Det levde og levande livet smuldrar omtrent opp i møte med dei svimlande, ofte mørke tankerekkjene tekstane kvernar fram. Når ei mindre kvardagshending, som ei juleavslutning på skulen, der alle, foreldre og elevar, verkar veltilpassa, bortsett frå tekst-eg’et, vert prøvd, dømd og evaluert mot dei store utfordringane sjølve menneskenaturen har, og historisk har hatt, så vert kvardagslivet puslete, all oppseding fånyttes. Det er ein tragikomisk og høgst leseverdig tekst, der Sæterbakken auser av sine litterære ressursar når han framstiller eg’et som ein sosial fomlepung, ja, som berre har denne tause monologen å slå attende med. Den indre motseiinga synest å vere grunnprinsipp i tekstane, i alle fall viklar dei seg inn i, med opne auge og armar, i kontradiksjonar, flokar og vanskar. Det som teksten påstår eksplisitt, sørgjer forma for å motseie.

Som sagt, varierer tekstane frå slåande einliner til tekstar som strekkjer seg over eit par boksider. Ikkje noko overordna emne verkar å styre tekstane, og det gir boka og dei små notata sprengkraft til å overraske. Iblant er Sæterbakken pregnant og svartsynt som ein Emil Cioran, den rumenske aforismemakaren, og ein av Sæterbakkens forfattarheltar: «Det hjelper lite å være et anstendig menneske hvis ingen andre er det, for så finnes det jo allikevel ikke noen som vet å verdsette at man er det» (s. 158). Men desse sitatvennlege fyndorda kan også stå og skine ramma inn av større tekstar: «Etisk er det uforsvarllige gjort forsvarlig gjennom å tilskrive det en moralsk intensjon» (s.6). Sæterbakken utgir seg ikkje for å vere filosof, han er kompromisslaus skjønlitterær forfattar som sverjer til dictumet «at alt skal munne ut i litteratur». Det er einaste credo forfattaren forfølgjer. Pompøs og tungsynt iblant, men alltid parat til å krasje oppblåsne og høgstemte passusar med ein dårleg vits, eller til og med ein promp. Sæterbakkens prosastil er prega av dryge setningsperiodar og lange innskot, ein kumulativ stil der han hopar opp formuleringar, som oftast er reformuleringar og synonymiar til utgangssetninga, eller utgangsideen. Ein tekst som byrjar med at døtrene Emma og Jenny «maser om å få noe», utviklar seg til ein tekst som reflekterer over kor uhorveleg med ting folk omgjev seg med, og ein tanke om at tinga burde bli borte på same vis som ein anskaffe seg dei, «at man ting for ting ble fratatt all eiendom, inntil man satt der, til slutt, gammel og befridd, uten noe igjen» (s. 63). Berre ved å reformulere same figur, kle han i nye ord bortimot femten ganger i løpet av boksida, skapar han nett kjensla av tingas opphoping.

Tekstane til Sæterbakken kan uttrykkje stor aggresjon, ein altomfattande harme på vegne av skrivinga: «Å skrive er et forsøk på å knuse det rammeverk, å legge i grus de begrensninger, å rævkjøre de trakkfikkregler ens kjødelige opphav har innstiftet, hva enten den skrivende er seg sine bestrebelsers egentlige årsak bevisst eller ikke» (s. 38). Sæterbakken påstår at han skriv ein antibiografi, og det er sant nok, for berre forsiktig, nærmast i bisetningar, kjem tekstane inn på den nære familien, og enkelte stader fråkjenner forfattaren barndomen all verdi. Men når ein ser desse myldrande tekstane under eitt, står barndomen veldig sentral i mange av dei, både i forteljingar og som refleksjonsobjekt. Det er som om Sæterbakken, i dette som blei det siste manuskriptet han sende frå seg kvelden då han døde i 2012, vender attende til der alt byrja, barnet. Ein kan sjølvsagt også lese alle notata i boka som isolerte byrjingar, ansatsar til større tekstar som ikkje vert fullførde, som berre stogga der dei stogga. Eg skreiv tidlegare at nokre tekstar har pompøse tilløp. Det er berre tilløp til høgstemdheit. For boka består av ikkje-monumentale småtekstar, og småtekstformatet kan bidra til : « … å motarbeide og hindre at det danner seg et inntrykk, fester seg en oppfatning, skapes en illusjon, limes fast et bilde av et fullverdig jeg, et enhetlig og helhetlig subjekt, en identifiserbar, dvs. reduserbar personlig størrelse, en navngitt konstant, en Arthur Rimbaud identisk med Arthur Rimbaud» (s. 109).

Sindre Ekrheim

Bergen, 2. februar 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)