Framtida som kjem bakanfrå

:poesikritikk


DIKT

Mona Høvring

Jente med dødningehode

Oktober 2017


Daudinghovudet er eit frakturert kranium, ofte finn ein det i stilisert form, på svært ulike ting, som eit piktogram på giftflasker, eller på papir i teikneseriar eller på huda som tatoveringar. I middelalderen framstilte ein daudinghovudet med blomar veksande or kraniet. Blomane minte om livet etter dauden. Dei krysstilte knoklane under skallen har også vore tolka som materialet det nye livet og den nye verda skal byggjast på.

Blomemotivet finst også hos Høvring, i følgjande dikt, der blomane er smelta saman, ikkje med den daude skallen, men med den levande hjernen, som om etterlivet alt har teke til:

JENTE MED BLOMSTERHJERNE

Du var ikke tam da livet grabba tak i deg.
I det truskyldige demokratiet ditt
refererte du til et univers som stadig blei mindre.
Du la to pinner i kors. Du ville varme vannet.
Kjærligheta trakk seg tilbake.
I naturen fant du imitasjoner av naturen.
Natta var velfødd.
Natta hadde ei skarp tunge.
Natta var høy og krenka og humørsjuk.
Du la fra deg børsa, jegerjente.
Du satte senga ut i den sterke vinden.
Du var ikke tam da døden grabba tak i deg.
Døden var en falk med glassøyne –
edelsteiner?

Jente med dødningehode, Mona Høvring

Høvrings diktbok er ikkje skoren over ein lest. Til dømes let ho dikta referere til andre bøker og skriv nærmast konsekvent i ulike format gjennom dei fem bolkane i boka. Og sjølv om Mona Høvrings diktbok paradoksalt nok femnar over eit vidt sett av sjangrar, ho har sett dikt og skjebnefortellinger som sjangernemning og kallar nokre av dikta eventyr, så finn alle tekstane saman i det som er poesiens fremste kjenneteikn, nemleg fortettinga. Slik vert det, som ein ser i diktet ovanfor, ein hard og divergerande vev av motiv, bilete og forteljingsfragment. Dikta handlar på sett og vis om å bryte ut, men for å bryte ut må ein ha noko å bryte og bryne seg mot. Kanskje er det difor frøet med sin teleologiske og førebestemte utviklingsgang får paradere som tittel i ein bolk, frøet og blomen som ikkje maktar å bryte over tvert med sin eigen føregjevne utviklingsgang.

Om ein seier at Høvrings diktbok, viss ein ser på dei større strukturane, er i dialog med omgrepa destinasjon, lagnad, utopi og framtidsbilete, grip ein noko av det som er på gong i diktboka, på eit overordna nivå. Utopien og lagnaden, som teikn og framtidsprosjekt, er – liksom frøet – i si utforming forankra i fortida eller notida. Framtida er den einaste tidskategorien som ikkje får vere i fred for ideologisk okkupasjon og freistnad på symbolsk stabilisering. Framtida vert ein modell som ikkje berre styrer notida, men er vorte til sjølve notida. Slik vert blikket kolonisert av ein modell, det singulære vert underlagt det allmenne, og ein tek modellen for å vere det reelle, slik som det står i blomehjernediktet: «I naturen fant du imitasjoner av naturen». Framtida er ein veldig sentral dimensjon i finansøkonomien, der høge forventningar om utviklinga i framtida, anten dei er reelle eller spekulative, fører til avkastning og realisering av utbyte i notida.

Mona Høvring opnar boka med å skrive at «Døra til framtida lukka seg», og den setninga kan godt sjåast i samanheng med bokas siste setning: «Og alle lydene kom liksom fra framtida, de var som syngende kometer på vei mot jorda». Ser ein nærmare på tekstane, vert ein merksam på ein liten kronologisk og historisk omsnunad. For den siste teksten i samlinga er ein poetisk versjon av forteljinga om Jesu fødsel medan teksten som byrjar boka tidsmessig kan lokaliserast i notida. Framtida er eit bakhaldsangrep.

Mona Høvring syner også at framtidsbileta, anten dei kjem som lagnad, idyll eller utopi, er djupt tvitydige, dei avheng av herredømme og eventuelt kor stivna teikna deira er. «Vær så snill, gi meg et belte, sa jenta. Så skal jeg binde sammen disse blomstene for dere.» Ein ser her korleis ’blomstene’ er omringa av ’belte’ og ’binde’. Ligg det ein tvang og ei underkasting i det å skape noko vent, ein blomekrans.

Kva tydar tittelen på diktboka til Mona Høvring? Jenta er altså påført eit teikn, ho er daudemerka. Men teiknet er høgst tvitydig. Det er avskrekkande, som om det stod på ein giftbehaldar, men det fungerer samstundes som eit merke og segl, peikande mot ei bestemt framtid, ein overgang til ein annan tilstand og verd. Teiknet kan også tyde at jenta for alltid vil vere daudemerka, i realiteten daud for dette livet, så lenge verda vår er innretta så ufri som ho er. Teiknet har då ikkje berre vorte ein stabilisert storleik, men ei tvangstrøye, eit fengsel, ein reiskap for herskarane. Men, nett fordi teiknet er stabiliserte og stivna, er det kanskje ein idé å late denne jenta sleppe ut, late ho gå i døden. Som førestilt, som bilete vert jo jenta halden attende i den idylliske barndomsverda ho aldri får vekse ifrå og forlate. Ved å feste daudemerke på jentas panne frigjer poeten ho frå denne avgrensande, ufrie slaveverda, heilt utan framtid. «…og du har øyne til ei jente med minst to liv. I fortida og nåtida, der spiller vi våre roller»

Slik skrekkens bilete er tvitydige, nærer også idyllens og utopiens bilete seg av same kjelde. Eit idyllbilete, som den stiliserte framstillinga på omslaget til Høvrings diktbok, kan, om ein tolkar det, munne ut i motsette tydingar: det kan bestemmast som uttrykk for falskt medvit, som legitimerer ein herskande orden, eller det kan forståast som ein utopi som trugar med å kullkasta den herskande ordenen.

Mona Høvrings dikt er i språkleg alarmberedskap og tek språket på alvor, i den forstand at språket aldri er nøytralt, men veit at det har evna til å nøytralisere menneske. Ho kan snu og vende på eit bilete og ikkje gje det fred, men ho kan også, andre stader, late det få stå og tone fram i all si enkelheit: «lassoen av sorg som huset slynga mot meg».

 

 

Sindre Ekrheim

Bergen, 19.01.2017

(sindre ekrheim@humbaba.no)