Årets diktbøker 2016


Wunderkammer av Nils Chr. Moe-Repstad

Wunderkammer, som er på over åttehundre siderer eit forunderleg ustabilt diktkorpus som representerer ein vedvarande hermeneutisk terror, der delen aldri går opp i heilskapen og heilskapen aldri finst til fulle i delane. Eit lærd konglomeratet av ei diktbok som kjem til å verte ståande lenge i norsk litteratur.


Døden og andre tiggere av Anne Helene Guddal

Det er sjeldan at nærmast alle dikta i ei diktbok held same høge litterære og sitatvenlege nivå. Det er tilfellet med kortdikta i Anne Helene Guddals andre diktbok.


Alt brenner av Helge Torvund

Helge Torvund har med Alt brenner skrive ei omfangsrik, frodig og formrik diktbok. Slåande er det kor variert diktuttrykket er i dei fem bolkane boka er inndelt i. Takta skifter, snart vert tempoet drive opp, snart skrudd ned. Snart finn ein lange, utbroderande vers, snart korte og pregnante. Poeten legg ut på vandringar i nærmast heile språkregisteret og lèt kjeder av overraskande bilete blusse opp på boksidene.


Nytte og utførte gjerninger av Tone Hødnebø

Hødnebøs strame dikt kombinerer på imponerande vis det intellektuelle og sanselege. Når ein les Hødnebøs nyaste diktbok, Nytte og utførte gjerninger, kan ein forundrast over kor mykje det tilknappa kortdiktet rommar. Her finst ei rad originale bilete, eit stringent språk, ein avansert spegelkomposisjon og kunnskapar om realvitskapane, mytane og historia. I tillegg vert det nemnde materialet veva saman med og reflektert i dikt-egets eiga historie.


Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu av Kjartan Hatløy

Når poeten Kjartan Hatløy i ein augneblink fastheld dei aller minste tinga, vert dei til eit prisme for kosmos. Mikrohendingane teiknar oftast opp eit mykje større rom, eit kosmos, ei uhorveleg geologisk tid, store samanhengar som ligg og gnurar og er føresetnad for det sette. Hatløy rører seg raskt frå det prosaiske til det veldige i denne boka med prosalyriske tekstar.


Årets lyrikkdebutantar 2016

Det er dessutan verdt å heve fram to diktdebutantar i året som gjekk, som òg syner spennet i stil og tema som finst i norsk samtidslyrikk. Ingrid Nielsen skriv i diktboka Hemmelig, men aldri som en tyv med ei myndigheit i røysta og med ein autoritativ rytme som produserer uvanleg kant og trykk. I Um sakne springe blome av Cathrine Blaavinge Bjørnevog møtar lesaren betar av eit kjend og tradisjonelt sogestoff behandla i eit særeige, arkaisk og nyskapande norsk språk.

 

Sindre Ekrheim

Bergen, 30.12.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)