Stuntpoesiens alvor, omsorg og galskap

:poesikritikk


PROSA/DOKUMENTAR

Thor Sørheim

Stuntpoetenes historie

Flamme forlag 2016


Stuntpoetane var eit aksjonskollektiv beståande av ei laus gruppering poetar som verka i ein hektisk toårsperiode på åttitalet, frå 1983-1985. Dei utøvde ei rekkje stunt og aksjonar, mellom anna rana dei, i samband med eit TV-program, biblioteket på Notodden for 5000 bøker. Dette gjorde dei for å redde bøkene. Og ordet. Bokranet og bøkenes lagnad heldt fram med å heimsøke norske media, og involverte både fagforeininga på Rosenberg verft i Stavanger, samt presidenten på Island, Vigdis Finnbogadóttir, som skulle gi bøkene ei trygg hamn. Hovudformålet med denne og dei andre aksjonane var å setje den norske samtidspoesien på dagsorden, betre forståinga av han og demme opp for håninga av poesien i offentlegheita.

Den historiske framstillinga til poeten og generalsekretæren for Stuntpoetane, Thor Sørheim, er svært leseverdig og sympatisk. Han dokumenterer som ein historikar, er passe sjølvironisk, men evnar samstundes å vere høgst alvorleg når han presenterer på konsist vis dei viktigaste hendingane i Stuntpoetanes historie. Men no er ikkje historietolking nokon enkel affære, især ikkje når det står om tyding og meining, slik det gjer når det er snakk om poesi, kultur og språkets tydingsmangfald, eller minnet har vore utsett for svekking, til dømes når Sørheim skildrar ein bokdag på Deichmanske bibliotek der stuntpoetane deltok: «… vi satt samlet rundt en feit og død torsk på et fat, ingen husker lenger hva den skulle symbolisere. Åttitallet, kanskje? Eller det norske oljeeventyret?»

Sørheim var sjølv aktør – deltakande poet, gruppas generalsekretær og arkivar – og eig difor ikkje faghistorikarens objektive fråstand. Dette er ein type innsidehistorie, der indre diskusjonar og også andre medlemmars synspunkt kjem til overflata, samt at viktig kjeldemateriale fungerer som illustrasjonar som gjev boka eit kledeleg preg av spontanitet.

Ei underfundig og morosam bok er resultatet, sjølvsagt mykje takka vere materiens ibuande poetiske galskap, dei oppfinnsame stunta til poetgruppa og deira relative suksess, men også fordi den historiske framstillinga er brote og bore oppe av relativt fyldige fotnotar, skrivne, i eldraud skrift, av dei andre medlemmane i Stuntpoetane. Fotnotane er forklaringar, dvs. kommentarar, dikt, innskot, situasjonsrapportar, mikroessays, som med ulike inngangar freistar tenkje fenomenet stuntpoesi i mange sjatteringar, og dei reflekterer indirekte og direkte den allmenne poesiens notidssituasjon, i framtidas og ettertidas lys. Slik handlar uvegerleg den historiske framstillinga til Sørheim også om poesiens vanskelege stilling i den norske offentlegheita i dag, der dei store norske aviskonserna neglisjerer det openberre samfunnsansvaret det er å melde poesibøker.

Stuntpoetane rørde seg i eit medielandskap der poetane sjeldan trakka, kanskje fordi ein då kunne verte betrakta som mindre seriøs. Etterkvart utvikla den poetiske geriljaen ei mengd ulikarta krav og aksjonar (klistremerkepoesi, opplesing på gater og i rulletrapper, krav om at kulturministeren skulle lese eit nytt dikt frå Stortingets talarstol, bokran, utdeling av prisen «Antasten» til den avisa som hadde dårlegast poesidekning, tv-program etc.). Stuntpoetverksemda vert etterkvart omtala som eit pågåande mediadikt, der interaksjonen med media og medierøynda skapte føresetnaden for nye meir eller mindre spektakulære aksjonar og spekulasjonar (les: dikting). Slik var Stuntpoetane både ein aksjon for å betre diktets offentlege stilling og ein poetisk praksis som spontant utvikla estetisk styrke ettersom prosjekta tilfeldigvis balla på seg og fekk eigendynamikk. Mediadiktet verkar to vegar: det syner poesiens gjennomslagskraft i offentlegheita, men også at media er ei forlenging av diktinga, at media alltid er ei form for dikting, i det minste at media kan, gitt gode mediestrategar, nyttast til dette formålet.

Slik eg les Thor Sørheims bok, skjer det nett også ei slik utvikling i stuntpoetanes sjølvforståing. Først var det viktig å setje diktet på dagsordenen, få det ut i samfunnet. Etterkvart som tinga, eller diktet, utvikla seg, vart stuntpoetane verksemd nærmast eit mål i seg sjølv, fordi det vart til ein pågåande poetisk performance med eigenverdi.

Sjølv om gruppa var laust samansett, var hovudstammen Thorvald Steen, Thor Sørheim, Triztan (Kjell Erik) Vindtorn, Torgeir Rebolledo Pedersen, Jón Sveinbjørn Jónsson og Karin Moe. Erling Kittelsen, Arne Ruste og ei rad andre poetar samarbeida med gruppa, som hadde ei tverrpoetisk tilnærming til dei mange poesiuttrykka som sameksisterte i samtidslitteraturen. Dei samarbeidde også med reklamebyrået til Per Maning og Hans Haugen, som hadde ei eiga kunstnarleg og eksperimentell avdeling, KOKS, som var ein viktig diskusjons- og strategiarena for Stuntpoetane.

Eit visst idésamband finst mellom Stuntpoetane og den russiske og italiensk futurismen på byrjinga av 1900-talet. No hadde nok ikkje Stuntpoetane så grandiose planar for poesien og samfunnet som Filippo Tommaso Marinetti (1876-1944) som ved hjelp av eitkvart tilgjengeleg middel og medium ønskte å nå ut til massepublikummet og førebu Italia på dei moderne tidene, ved å bryte ned dørene til det umoglege. Stuntpoetane skreiv ikkje lange litterære manifest, dei hadde som åttitalistar ikkje eitt poesiuttrykk, eller seg sjølv, dei ville fremje, men all samtidspoesi. Stuntpoetane ønskte bryte ned politikkens og massemedias dører som stengde for poesien. Massemedia hadde fungert som ein barriere mellom poesien og det poesilesande folket, dei ville gjere poesien til eit uomgjengeleg faktum. «Det var i presentasjonsformene vi ville være avantgardister, i ordets rette betydning, det vil si som fortropp som erobrer det offentlige rommet.»

Det er lett for ein meldar å byrje vurdere Stundpoetanes verksemd i staden for boka. Sjølv kan eg nok ikkje skjule at eg hadde sans for prosjektet, både fordi poetane var opne og inkluderande andsynes poesien og poesiuttrykka, men også fordi aksjonane deira var ein type aktivistisk og spontan performancekunst som både verka avslørande på korleis massemedia fungerte, eller ikkje fungerte, og som sjølv fekk estetisk eigenverdi.

«Den åpenbare bløffen ble et av de viktigste grepene», skriv Erling Kittelsen. Gjennom å ikkje fortelje heile sanninga, makta gruppa å få dei norske media til å tru mellom anna at det blant bøkene som vart rana frå biblioteket på Notodden, fanst verdifulle førsteutgåver. Denne mediestrategien er i tråd med kva Torgeir Rebolledo Pedersen skriv i ein av fotnotane: «la oss bruke metaforene vi juger med for å snakke sant, til å snakke sant også i politikken». Sanningsomgrepet til Stuntpoetane er komplisert, og mediadiktet blei etterkvart også mangfaldig og komplisert å følgje.

Det er episodar her som er så prega av galskap og omsorg for poesien at ein må trekkje på smilebandet. Stuntpoetane dreiv mellom anna næringspolitikk og utanrikspolitikk då dei arrangerte ei mottaking for Portugals ambassadør der dei feira sardinen. Og det er sjølvsagt kuriøst at Stuntpoetane, som nesten ikkje fekk sponsoravtalar, vart sponsa av Norske Champagnegrossisters Forbund. Men det er samstundes viktig å hugse som Erling Kittelsen skriv vidare i den fotnoten som vert sitert ovanfor, «vi gjorde ikke dette for moro skyld.»

Og det er nettopp alvoret Sørheim avsluttar boka med, ved å sitere noko Triztan Vindtorn framførte under ein aksjon på hovudbanegarden i København:

Og dere som tror at det bare er å lette på lokket, og så stiger havfruen rett opp i deres våteste drømmer. Overgi dere! Det er diktet som er dirigent for gresshoppenes symfoniorkester og ekstasens blodforgylte sugemerker. Og ordene skal rykke oss alle ut av glasswattsengene som vi har sovet i for lenge.

Triztan Vindtorn

Stunpoetane lukkast i stor grad med å skaffe merksemd rundt aksjonane, kanskje òg i nokon grad poesien, uansett gjorde dei merksam på at den eksisterte. Om den stuntpoetiske verksemda fekk langtidsverknad for stoda til poesien i Noreg, er meir tvilsamt, diverre. Stuntpoetenes historie har stor verdi som skriftstykke, fordi den dokumenterer ei litterær hending i Noreg, fordi den er nøktern, klar, balansert og samstundes morosam, fordi den uvegerleg får oss til å reflektere over poesiens tilhøve til samfunnet i Noreg i dag, og fordi det er ei ven bok rik på foto, faksimilar og illustrasjonar.

Teknologien og mediesituasjonen i dag er totalt annleis. Men dei leiande norske mediekonserna syner ikkje samfunnsansvar, og dei tilhøyrande avisredaksjonane møter samtidspoesien med ignoranse og forakt. Det er eit faktum. Ein skulle gjerne ha utdelt ein ny, for ikkje å seie ein armada, med skam- og Antasten-prisar til dei som ikkje gjer jobben. Men det er kanskje ikkje berre å lette på lokket, slik Triztan Vindtorn sa. Ein treng poesien i tillegg.

Stuntpoetane hadde stor tillit til poesilesaren. Ifølgje Stuntpoetanes diagnose låg problemet ein annan stad, hos journalistane, dagspressa, dei profesjonelle mediefolka og politikarane; leddet som skulle gje poesien anna enn forakt og formidle poesien til folket, svikta. Difor gjekk poetane både ut i gatene og las dikt frå rulletrappa på Steen og Strøm, der folk var å treffe, der diktet kunne takast imot ufiltrert av tilhøyrarane. Difor opererte Stuntpoetane i medieflatene ved hjelp av poetiske verkemiddel. I avisene på nett og papir regjerer middelklassen, som har teke folket som gissel for deira eigen smak. Dei har sjølv heva seg opp som målestokk for kva som er akseptabelt og forståeleg av kunstuttrykk. Poesien verkar ikkje å vere blant dei.

 

Sindre Ekrheim

Bergen, 5.01.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)