Fernando Pessoas poesiar

:poesikritikk


DIKT

Fernando Pessoa

Det er ikke meg jeg forestiller

Utvalg og gjendikting ved Henning Kramer Dahl

Solum, Bokvennen klassikersierie 2017


At Henning Kramer Dahls Pessoa-gjendiktinga frå 1989 no vert gjeve ut på nytt i pocketutgåve, er på mange vis gledeleg. Då gjendiktinga kom for nesten tretti år sidan var det eit nybrottsarbeid. Då fanst ikkje tekstar av Fernando Pessoa (1888-1935) omsett til norsk. Internasjonalt finst det no eit heilt Pessoa-kontinent av utgåver, forskingsarbeid og kommentarverk. Statusen til Fernando Pessoa har vakse og forfattaren vert rekna blant dei moderne klassikarane, nemnt i same andedrag som T.S. Eliot, James Joyce og Franz Kafka.

I Noreg er det kan hende den halvfiktive dagboka Uroens bok av Bernando Soares (Fernando Pessoa) som er vorte mest kjend. På norsk finst det ei handfull bøker av Pessoa, både prosa og poesi. I lyrikksamanheng er det grunn til å nemne Øystein Vidnes» gjendikting 2 dikt om modernitet av Álvaro de Campos (Flamme 2009) og Alberto Caeiros poesi (Flamme 2012). I den sistnemnde boka har Vidnes gjendikta heile samlinga «Sauegjetaren» til norsk, pluss nokre tekstar skrivne av Fernando Pessoa eller av hans heteronym, som omhandlar Alberto Caeiros forfattarskap.

Det eit gjendikta diktutval tapar med tanke på enkeltdikta sine samanhengar og omgjevnadar, vinn utvalet igjen i breidda. Skal ein lese Pessoa, så er det ikkje berre enkeltdiktas umiddelbare samanheng, men den heteronyme forfattarskapen sin større samanheng og samspel ein må ha auge for. For å skjøne kva heteronymiteten er og inneber, treng ein sjølvsagt å kjenne til ei viss breidde som dei fire poetiske maskene eller identitetane som utgjer namnemarkøren eller ortonymet Fernando Pessoa representerer (Pessoa tyder ifølge Dahl ’person’). Slik sett set denne gjendiktinga ein i stand til å sjå betre ulikskapar og samband mellom dei fire, Alberto Caeiro, Álvaro de Campos, Ricardo Reis og Fernando Pessoa. Om ein skulle ha forbetra noko i forhold til 1989-gjendiktinga, som Henning Kramer Dahl no berre har gjort minimale endringa i, kunne ein ha freista komplettere, byggje ut med fleire dikt av kvartetten Caeiro, de Campos, Reis og Pessoa.

Det er altså Pessoa som står bak desse tre heteronyma, dei er fødd og unnfanga av han og er forsynt med eigne biografiar, horoskop og kvar og ein har eit distinkt lyrisk formtemperament. Dei er ikkje aspekt av éin personlegdom. Dei er sjølvstendige poetar. Det er som om Fernando Pessoa heilt på eiga hand orkestrerer ei heil literær rørsle, som om han var eit medium som passivt har motteke og sett dikta ut i livet. Det skal visstnok eksistere drygt sytti ulike heteronym etter Pessoa, men det er dei fire nemnde som vert rekna som dei viktigaste og mest sentrale.

I etterordet tolkar Hennig Kramer Dahl heteronymiteten til Pessoa som ikkje å vere uttrykk for at han var ein modernist, i alle fall svekkjer han kraftig det inntrykket. Med bakgrunn i kva Pessoa skreiv om nypaganisme og astrologi, samt at han brevveksla med Alister Crowly, er det sikkert belegg for å hevde at han var ein «okkult visjonær». Men ein ting er intensjonane, sjølvforståinga og sjølvproklamasjonane Pessoa legg for dagen; noko anna er å sjå kva han gjer i dikta, i lys av identitetsproblematikken som til dømes er på gang i dikta til Álvaro de Campo. Dessutan er desse heteronyme poetane åtskilte, polariserte skikkelsar. Mellom Alberto Caeiros bukoliske gjetardikt til Campos futuristiske og urbane dikting opnar det seg ein avgrunn. Ein kan anta at det har skjedd ein del i Pessoa-forskinga og skrivinga sidan tampen av 1980-talet, og det hadde kanskje vore ein idé om etterordet hadde rørt ved noko av forskingsutviklinga, i staden for å trykke opp det gamle.

Av dei fire poetane har eg ein umiddelbar forkjærlegheit for Alberto Caeiros poesi. Alberto Caeiro er naturpoet og nektar for all filosofi og mystisisme. På enkelt vis skriv han fram eit forunderleg univers grunna i ein radikal, kanskje noko naiv poetikk, som fornyar den poetiske innstillinga til tinga og verda og forløysar eit heilt nytt språk. Han er ein idylldiktar med det landlege som domene. Som fornektar av tanken, mysteria, metafysikken og filosofien, og som ein prekær forkynnar og profet for den umiddelbare sansinga, vert Caerio likevel også indirekte ein tenkjar i poesien sin. For Caeiro er alt tilgjengeleg, naturen er slik den er, altså slik den trer fram for menneskeauga. Difor inneheld poesien hans like mykje prosedyrar for avlæring. Eit språk som i stor grad ønskjer å late tinga få vere slik dei er, grip denne lesaren sterkt.

En som står i solen og lukker øynene
Begynner ikke å forstå hva Solen er
Og å tenke mange tanker dampende av hete.
Men han åpner øynene og ser Solen
Og nå kan han ikke tenke på noenting
Fordi lyset fra Solen er mere verdt enn tankene

Frå «V. Det er tilstrekkelig metafysikk» Alberto Caeiro, 
Det er ikke meg jeg forestiller, utvalg og gjendiktning av Henning Kramer Dahl

Caeiro er grunnleggjande for Pessoas heteronyme forfattarskap. Caeiro var det første heteronymet som såg dagens lys rundt 1912, og dei andre poetane omtalar Caeiros då også som læremeisteren. Alvaro de Campos er futuristen, Ricardo Reis er odediktar og nyklassisist som oppfører seg som han lever i antikken, alltid budd på å ta på seg lagnaden. Medan Fernando Pessoa er rasjonell mystikar og poetisk formalist.

Kanskje syner ikkje utvalet Dahl har gjort så godt dei modernistiske, for ikkje å seie futuristiske impulsane i Alvaro de Campos dikting, bortsett frå eitt dikt, «Newtons Bionominalteori». Diktet «Tobakksforretningen» inneheld passasjar som dreg ein i den retninga. Ein Campos i full futuristisk blome, med fabrikkar og typografisk larm, finst i langdikta «Triumfode» og «Maritim ode» som Øystein Vidnes har gjendikta i 2 dikt om modernitet (Flamme 2009).

 Når ein jamfører Henning Kramer Dahls og Øystein Vidnes gjendiktingar, vel dei på ei rekkje stader ulike variantar, og slik kan ein også oppdage at eit bestemt ordval får betydning for retninga eit dikt tek. Alt i slutten av opningsdiktets første strofe treffer ein på ulikskapar i dei to gjendiktingane:

Og du føler at natten har landet
Lik en sommerfugl på ditt vindu.
(Henning Kramer Dahl)


Og du kjenner at natta kjem inn
som ein sommarfugl gjennom vindauget.
(Øystein Vindes)


E se sente a noite entrada
Como uma borboleta pela janela.
(Alberto Caeiro)

Det er kanskje ikkje uvesentleg om nattas kome vert samanlikna med ein sommarfugl som sit, altså er «ditt vindu», og følgjeleg sit på sjølve vindaugsglaset, eller om han flyg gjennom vindauget inn i rommet. I det første tilfellet er vindauget sannsynlegvis lukka og dannar ein membran mot utanverda, i det andre tilfellet må det vere ope, viss ein sommarfugl skal kunne passere gjennom vindauget. Ikkje veit eg kva som er den korrekte løysinga her, eg konstaterer at slike detaljar får nokre konsekvensar for diktlesinga. Om ein skal kjenne/føle at natta er komen, gitt at den som kjenner er i rommet innanfor vindauge, ville det vel ha vore mest sannsynleg om sommarfuglen flaug gjennom vindauget inn i rommet, dette hadde medverka til små luftbølgjer og eit spel av skuggar. Vidare ber verba bod om ei natt ein kan føle/ kjenne, og det indikerer direkte kroppsleg sansing. Den andre varianten der sommarfuglen landar på vindauget, er ei sett natt, ei gjennom augo betrakta tilsynekomst av natta, og registrert som ein skugge og som ei endring i lyset. Om ikkje eg kan avgjere kva som er rett ord her, styrkar dette dømet meg i trua på at preposisjonar er poesiens grammatiske hovudkategori.

Det hadde kanskje ikkje gjort så mykje, om ikkje variantar av denne solformørkande biletstrukturen finst i andre strofer i diktet. I Dahls 5. og Vidnes og Caeiros 6. strofe (som altså er den same strofa, men Dahl slår iblant saman strofer, eller oppsettet gjer det vanskeleg å sjå at dei er skilde) les ein: «er det fordi jeg føler det jeg skriver, ved solnedgang /Eller når en sky beveger hånden over lyset» (Dahl). Og, hos Vidnes: «er det berre fordi eg føler det eg skriv i solnedgangen / eller idet ei sky dreg handa over lyset». Her har vi både snakk om føle-verbet og ei hand som dekkjer over lyset, nett som sommarfuglen også kunne ha gjort, om han stod på vindauget, men kanskje ikkje om han flaug gjennom vindauget. Skal ein lesa dette som biletparallellar, slik som hos Vidnes, eller biletkontrastar eller utdjupingar av bilete, som i Dahls versjon.

Ein annan variant av solformørkinga finn ein i den følgjande strofa, som tilsynelatande handlar om skriving: «og ser min egen silhuett / På bakkekammen» (Dahl) og «og ser min eigen stilhuett / på toppen av ein knaus» (Vidnes). Her ser diktaren omrisset av seg sjølv, opp mot sollyset, nett som ein sommarfugl skuggande for lyset.

I siste strofe helsar poeten til lesaren og formulerer eit ønskje om at lesarane må ha sol «og at de i husene sine / Rett under et åpent vindu / Må ha en yndlingsstol» (Dahl) der dei kan lesa versa hans. Vidnes’ variant er ikkje så ulik: «og at dei i husa sine, / rett ved eit ope vindauge / har ein yndlingsstol».

Vindauget er eit sentralt og gjennomgåande motiv i dikta til Caeiro. I dikt XLIX, det siste i den første bolken, heiter det «Eg går inn, lukkar vindauget». Vidnes siterer i forordet sitt frå eit intervju med Caeiro uført av eit anna heteronym, Alexander Search: «Eg er ein mann som ein dag, då eg opna vindauget, oppdaga ein veldig, veldig viktig ting: at naturen eksisterer. Eg såg at det var sant at tre, elvar og steinar er ting som verkeleg eksisterer. Ingen hadde tenkt på det før.» Og vidare står det i eit av dikta i tredje bolken «Spreidde dikt» i Sauegjetaren: Det er ikkje nok å opne vindauget / for å sjå markene og elva.»

Fordi eg ikkje er portugisisk-kyndig og kanskje heller ikkje har lese diktet til Alberto Caeiro grundig nok, har eg ikkje ei fullgod løysing på floka, heller kan eg ikkje døme om kva som er den beste varianten, dette er helst meint som ei påpeiking, av at ordval har følgjer, at det spelar ei rolle om vindauget er ope eller stengd i den første strofa i dette diktet, fordi denne biletstrukturen, iallfall ulike variantar av han, strøymer gjennom diktet og gjennom sauegjetarsamlinga til poeten Alberto Caeiros.

Uansett er det ei glede at Pessoa-gjendiktinga til Henning Kramer Dahl vert gjeven ut på nytt. Pessoa er ikkje berre ein forfattar som stillar til skode ei rad poesiar, filosofiar og litteraturar som ein slags labyrintisk prestasjon ein står måpande ovanfor. Nei, Pessoa skriv litteraturar i fleirtal som talar direkte til ein lesar også i 2017.

Sindre Ekrheim

Bergen, 9.februar 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)