Vennlege og groteske systerskap

:poesikritikk


DIKT

Gro Dahle

Søster

Cappelen 2016


Gro Dahle vert ofte omtala som ein naivistisk forfattar. Vel, naivistisk er eit namn på på ei kunstretning, haldning og metode, og ikkje det same som å vere naiv i tydinga barnleg og truskyldig. I nokon grad stemmer det at Søster har naivistiske trekk, men eg veit eigentleg ikkje kor naivistisk det er å undersøkje ein familierelasjon, systerskapets fine nyansar og mangfaldige fasettar, slik Dahle så fint, fabulerande og overtydande gjer her: «Hva er det som er søsteren min / i søsteren min?» Les ein dikta i samanheng, så vert den naivistiske grovstreken ein kan finne i enkeltdikta splitta i mindre og tynnare av den større, kompliserande heilskapen Søster representerer.

Noen søstre blir til knuter,
knyter seg strammere
for hver dag,
knyter seg hardere,
knute på knute,
til ikke engang neglene
klarer å løsne dem,
hjelper ikke å bruke tennene,
hjelper ikke pirke.

Jeg vil ikke ta saksa,
ikke ennå,
jeg vil prøve å klare det
uten å klippe,
gnir knuten inn med fett,
meierismør og delfia,
ord som kjære,
ord som glad i deg
ord som fine fine søsteren min.

Frå Søster, Gro Dahle

Eg oppfattar at det direkte og det tilsynelatande ureflekterte, dette som ofte vert karakterisert som naivisme, heller kan tolkast som at Dahle trekkjer inn objektive betar av verda i diktinga si, ofte overraskande og uvande ting og fenomen ein altså ikkje skal sjå som uttrykk eller metaforar for egets tilstandar (slik som kvalen i 6. bolken). Det er objektive ting og teikn eget med naudsyn stillar seg andsynes, som det prøvar seg på og forstår seg i høve til. Slik fungerer verda hos Gro Dahle. Det tydar ikkje at poeten ikkje produserer assosiasjonar som tek ein i mange og motstridande retningar. Poeten kan også snu opp ned på herredømerelasjonane og verda, slik ho gjorde i diktboka Apens evangelium (1989) der apa vert installert som Gud. I og for seg er det jo korrekt, all den tid mennesket, ifølgje evolusjonensteorien, nedstammar frå apene.

Poeten Gro Dahle har handsama familierelasjonar i fleire av sine tidlegare bøker. Men kanskje særleg eksplisitt i diktboka Hundre tusen timer (1996), der Dahle undersøkjer mor/dotter- og dotter/mor-tilhøvet. Ein relasjon går alltid to vegar. Søster byrjar med dikt der eget hjelper mora, og ønskjer seg ei syster som kan avlaste den tyngande morsrelasjonen. Apropos dette at Dahle frå debuten av har distansert seg frå den reine eg-diktinga, der eg-et finst som absolutt suveren, kan ein seie at nett systerrelasjonen fører inn eit objektiv, ein antagonist eget er nøydd å posisjonere seg ovanfor, som ikkje er eit teikn som det står i egets makt å manipulere (sjølv om det også vert gjort), men snarare må vere i utveksling og poetisk dialog med.

Familierelasjonar er kompliserte, og synest å bere med seg ein uendeleg kombinatorikk av teikn, kjensler, tilhøve og moglege speglingar, fråstøytingar og likskapar. Systerskapet er ein kjønna underkategori av syskenskapet. Når Wittgenstein talar om likskap, nyttar han omgrepet familielikskap, og siktar då til måten folk i same familie liknar kvarandre: Ting som tilsynelatande er forbundne ved eitt fellestrekk, kan i røynda vere forbundne av ei rekkje overlappande likskapar, der ingen likskap er felles for alle. Det er systerskapets mangfaldige familielikskapar, for ikkje å seie familieulikskapar, dikta til Gro Dahle legg fram. Til glede og bate: Rammar ein eit familiemedlem, knusar ein spegelen og rammar òg seg sjølv. Men eit systerskap kan innebere så mangt i desse dikta, alt frå den kvinnelege fellesskapen til det blodbaserte, biologiske familiære systerskapet. Blodsbandet som kan verke trygt, og difor er noko ein systerlaus kan lengte etter, kan òg gå frå glede til ei kjelde til irritasjon og vidare til ei klaustrofobisk plage ein ikkje under noko omstende slepper unna:

I baksetet sitter søsteren min
med en skygge som en hånd over ansiktet.
Hver gang jeg snur meg,
ser hun på meg
uten å blunke.

Og vi er fanget i dette,
låst fast på plassene våre,
festet til setene med belte,
som om vi alltid kommer til å kjøre,
som om denne bilen
er alt som finnes.

Søster, Gro Dahle

Dahle har ein velutvikla poetisk sans for assosiasjonsrike bilete, tankevekkjande personifikasjonar og besjelingar, samstundes som dikta rører seg frå det vennlege til det burleske og groteske. Dessutan nyttar Dahle permutasjonar nærmast eksperimentelt når ho set havet eller eit dyr, til dømes ein hund, inn i systerrelasjonen og undersøkjer kva som skjer både med systera og hunden, og
samstundes gjer systerrelasjonen både meir gjennomskinleg og meir gåtefull. Setningane til Dahle glid lett og kjeder seg rytmisk saman til ei attkjenneleg og undrande røyst som ein meir enn gjerne lyttar til. At denne språklege lettbeinte gesten held jamt fram også når dei meir horrible tinga vert omtala, er kanskje der Gro Dahle synar seg sterkast som ein naivistisk diktar, i alle fall er det der egets kjensler er sett i parentes, til fordel for den ufiltrerte skildringa.

Sindre Ekrheim

Bergen, 12.01.2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)