Eit veksande augeblikk

:poesikritikk


DIKT

Helge Torvund

Alt brenner

Aschehoug 2016


Helge Torvund har med Alt brenner skrive ei forunderleg, omfangsrik, frodig og formrik diktbok. Slåande er det kor variert diktuttrykket er i dei fem bolkane boka er inndelt i. Takta skifter, snart vert tempoet drive opp, snart skrudd ned. Snart finn ein lange, utbroderande vers, snart korte og pregnante. Poeten legg ut på vandringar i nærmast heile språkregisteret og let kjeder av overraskande bilete blusse opp på boksidene.

Dikta i avdelinga Alt brenner er hymnisk høgoktanpoesi medan til dømes langdiktet Alvorleg frisk er meir prosaisk og poetisk dempa i språkføringa. Her tenkjer og vevar Torvund saman eigen sjukdom, poetikk og eksistens. Det overtyder, sjølv om det avviker i forma.

Torvunds poesi arbeider både i språkets vertikale sjikt og på dei horisontale flatene. Trass i all den poetiske variasjonen lesaren vert vitne til, eksisterer det ein djup konsistens i diktinga og i poetikken til Torvund. Kanskje er Torvund blitt hakket meir polyfon, meir sideordnande i språket enn tidlegare. I alle fall vert poesien betrakta hos Torvund som ein stor global kommuniserande fellesskap, noko som best kjem til uttrykk i bolken «Myrbiblioteket» og i «Alvorleg frisk». Eit av spora i desse dikta, er at poeten gong på gong sirklar inn kva kunsten kan bety for menneska, anten ved at dikta direkte grundar over dette, eller skapar bilete eller ved å engasjere seg i andre kunstnarars verk, til dømes kunstnaren Christo, han som er kjend for å pakke inn bygningar og bruer rundt om i verda: «Ved å ta vekk noko menneska hadde sett kvar dag / gav han dette attende til dei».

Alt frå den fortærande og reinsande til den engasjerte, kjærleiksrammande elden vert påkalla i dikta. Elden representerer i desse tilfella noko ein ikkje kan stille seg likegyldig til. Elden er uomgjengeleg. I den første av dei ti strofene i diktet Alt brenner fornemmar ein elden som fargar i haustskogen og korleis den sakte visninga vert skildra i form av brannens hissige fasar. Desse linene som slyngar seg bortover boksidene, uttrykkjer også poetens ønskje om å vekke verda, få verda til å dirre. Å bety er poesiens formål. Å antenne ein eld, få tinga og menneska til å tyde noko på nye måtar, er utseieposisjonen til Torvund.

Glød Varme Eld Lønnetrea flammar opp Lauvet vert haustraudt oransje gult
Blad for blad Nerve for nerve Tørkar inn Krøllar seg saman som i flammar
Eld Bål Røyken stig over hagar og hekkar Menneska brenner rask rusk
Dei samlar medvite saman lauv og møblar Stablar det raskt opp i haugar

(frå diktet Alt brenner, Alt brenner, Helge Torvund)

Bolken som heiter Alle ventar, inneheld 48 lengre dikt vigd kjende og meir ukjende kunstnarar eller oppdikta personar, eller til dømes den truga fuglen hortulanen som hekkar i torvmyrer. Dei fleste dikta ber titlar som «Alle ventar på» pluss eit fornamn eller namn. Her finn ein dikt til kunstnaren Christo, André Breton, Jim Morrison, Ludwig Wittgenstein, Kain og Adam osb. Dette er ekspansive dikt som verkar å fange inn poesiens grunnsituasjon: At tinga poesien snakkar om, er fysisk fråverande, det er eit faktum. At poesien påkallar fråveret, gjer dei nærverande. Men likevel innfinn ikkje desse tinga seg fysisk. I diktet «Alle ventar på Branko» siterer Torvund den serbiske poeten Branko Miljkovic på at «Ting og ord må frigjerast frå si visse // og frå sin definerte tryggleik / for å byrje syngja».

Er det noko eg tykkjer går gjennom samlinga som ein vev av raude trådar, er augeblikket og den sterke jamføringa mellom poesien og eksistensen. Dikta til Torvund fortettar seg rundt eit punkt, eit no, der det er som om heile verda og alt språk brått samlar seg. Når boka heiter Alt brenner, kan ein førestille seg at denne poesien samlar og konsentrerer språket lik eit brennglas, for slik å rykkje ein inn i verda, setje fyr på augeblikket, få noet til å gløde. Om det går an å tenkje seg den omvende ekstasis, ein ekstase snudd inn mot verda, der ein ikkje står ut av verda (ekstasis), men står inn i verda (introstasis), har ein kanskje fanga ein flik av den poetiske praksisen og tenkinga som skjer i Helge Torvunds dikt. Og som sagt smeltar eksistensen og poetikken (kunsten) saman i diktet Alvorleg frisk, som gjennom ein prosaisk diksjon reflekterer over poesiens og kunstens vesen, (for å snakke litt høgstemt) og om då poeten fekk ei uroande melding om ein svulst, og verda heldt på å rase saman. Det er eit fint bekjenningsdikt, og det innfører ein annan tone i det torvundske universet.

Torvund har skrive ei stor og rik poesibok. Alt brenner grip vidt i tema, kvesser sansane, kjenslene og tanken gjennom å skrive fram ein kombinasjon av intensive og ekstensive bilete som gløder og avdekkjer at det alltid er noko meir å sjå. Alt brenner er definitivt med på å gjere poesiåret 2016 rikare og betre, og syner djupast sett kva poesien er god for når han er på sitt beste.

Sindre Ekrheim

Bergen, 22.12.2016

(sindre.ekrheim@humbaba.no)