Gå vidare til hovudinnhaldet
Humbaba

Humbaba

Poesi og poesikritikk

Skribent: Sindre Ekrheim

Lagt ut 11. januar 2018

Lyrisk forteljing om beskyttelse

Diktdebutanten Rebecca Wexelsen skriv dikt om fødselen, barnet og den vonde lausrivingsprosessen, kanskje især for mora. Les kritikken av diktdebuten Så faller jeg av Rebecca Wexelsen her.

Lagt ut 4. januar 2018

Gitterskrift

Sjølv om Søren Ulrik Thomsen vert rekna som ein modernistisk poet, er dikta hans tilgjengelege, fulle av gnistrande bilete og lydlege, musikalske sekvensar. Om ein skrapar litt i dikta, syner biletstrukturane seg å vere kompliserte, men ledige. Les kritikken av Rystet speil av Søren Ulrik Thomsen i Markus Midrés gjendikting her.

Lagt ut 28. desember 201728. desember 2017

Grensesprengande kunstprosjekt

Del likt balanserer mellom den elleville galskapen, humoren og det djupaste alvoret. I tillegg til verbaltekstane rommar boka fotografi, teikningar og videostills og kombinasjonar av desse. Les kritikken av Del likt av Gunnar Wærness og Henrik skotte.

Lagt ut 21. desember 2017

Årets diktbøker 2017

Slutten på året 2017 har byrja. Tida for gjere opp buet i den norske poesien for året 2017, er inne. Humbaba peikar på bøkene som godt kan vere med oss inn i framtida. Det er vorte til ti diktbøker. Men dei bøkene som her ikkje vert nemnde, treng ikkje gløymast. Sjå den ikkje-rangerte og ikkje-alfabetiske lista over ti dugande poesiutgjevingar frå poesiåret 2017.

Lagt ut 21. desember 2017

I tryllekrinsen

Draum, røynd, myte, framtid og individ strekkjer seg mot kvarandre, koplar seg saman, byrjar å svinge og tek til å klinge og lyse frå ulike stader i det stortenkte langdiktet Lenis plassar. Les kritikken av Lenis plassar av Øyvind Rimbereid her.

Lagt ut 21. desember 201721. desember 2017

Omsorg og død

Dikta i Cecilie Løveids Vandreutstillinger let det som har stivna i biletkunsten og kunsten kome inn att i tida, dirrande av eksistensiell nerve og røyst. Les kritikken av Vandreutstillinger av Cecilie Løveid her.

Lagt ut 14. desember 201714. desember 2017

Augeblikket utvidar seg

Når Helge Torvund har omsett dikt av den svenske poeten Bengt Berg til norsk, og Bengt Berg har omsett dikt av Helge Torvund til svensk, uttrykker det ei gjensidig verdsetjing. Boka er ein møtestad der dei to poetane kryssar sine poetiske og språklege grenser. Les kritikken av Medan våren vaknar av Helge Torvund og Bengt Berg her.

Lagt ut 7. desember 2017

Vald, fellesskap, rutine og leik

Det nystarta vesle svenske forlaget Podpoesi press er ute med fire små poesihefte i såkalla chapbookformat. Dei fire poetane representerer fire ganske ulike lyriske attitydar. Det går frå det alvorlege og konsentrerte til det ville og utemja. Les kritikken av dei fire utgjevingane frå Podpoesi press her.

Lagt ut 30. november 201730. november 2017

Intensitetens liner

37 år etter at Nils Yttri (1947-1980) døydde, og etter at dei fleste trudde at alt han hadde skrive var gjeve ut, kjem ei etterlaten diktsamling av poeten. Vender tilbake til deg, Paris kan karakteriserast som reisedikt, minne- og kjærleiksdikt, eller dikt der den eksistensielle søkinga står i sentrum. Les kritikken av Vender tilbake til deg, Paris her.

Lagt ut 23. november 201724. november 2017

Det som skjer når ingenting skjer

Det meisterlege med Jeg husker av Joe Brainard (1942-1994) er at boka har ein nærmast latterleg enkel grunnstruktur, og likevel står fram så litterært rik. Ho maktar å framstille verda overraskande ny og frisk. Les kritikken av Jeg husker av Joe Brainard omsett av Nils-Øivind Haagensen her.

Innleggsnavigasjon

Førre side Side 1 … Side 8 Side 9 Side 10 … Side 17 Neste side

Nye innlegg

  • Å dikte etter 22. juli
  • Urtidsklang
  • Monumentalt og lågmælt
  • Temperert
  • Livsreise og måneferd

Nye kommentarar

    Arkiv

    • april 2021
    • mars 2021
    • februar 2021
    • januar 2021
    • desember 2020
    • november 2020
    • oktober 2020
    • september 2020
    • august 2020
    • februar 2020
    • januar 2020
    • desember 2019
    • november 2019
    • oktober 2019
    • februar 2019
    • januar 2019
    • desember 2018
    • november 2018
    • oktober 2018
    • august 2018
    • mai 2018
    • april 2018
    • mars 2018
    • februar 2018
    • januar 2018
    • desember 2017
    • november 2017
    • oktober 2017
    • september 2017
    • august 2017
    • juli 2017
    • juni 2017
    • mai 2017
    • april 2017
    • mars 2017
    • februar 2017
    • januar 2017
    • desember 2016
    • november 2016
    • oktober 2016
    • september 2016
    • august 2016
    • juli 2016
    • juni 2016

    Kategoriar

    • Poesikritikk

    Bakom

    • Logg inn
    • Innleggstraum
    • Kommentarstraum
    • WordPress.org

    RSS Poesi no

    • Å dikte etter 22. juli Sindre Ekrheim
    • Urtidsklang Sindre Ekrheim
    • Monumentalt og lågmælt Sindre Ekrheim
    • Temperert Sindre Ekrheim
    • Livsreise og måneferd Sindre Ekrheim
    • Kjøtetande dikt Sindre Ekrheim
    • Sorgformular Sindre Ekrheim
    • Poesiens doble heimstamn Sindre Ekrheim
    • Naturtap og klimasorg Sindre Ekrheim
    • Tilgjengelege gåter Sindre Ekrheim
    Stolt over å køyra WordPress