Vald, fellesskap, rutine og leik

:poestikritikk


DIKT

My Roman Fagerlind

Ström

Podpoesi press

 

Signe N. Hammar

Om vi

Podpoesi press

 

Filip Lindberg

Tider träck 2

Podpoesi press

 

Eugen Sundelius von Rosen

Djurgårdsbrunnen

Podpoesi press


Det vesle nystarta svenske forlaget Podpoesi press er ute med fire små poesihefte i såkalla chapbookformat. Podpoesi press springer ut frå podpoesi.nu og vert finansiert av Bonnier Books. Fleire småforlag baserer seg på trykte småhefta som kan lagast og distribuerast kjapt og med låge kostnadar. På norsk ville ein kanskje heller nytta det meir gamalmodige uttrykket skillingstrykk. Skillingshefta var billige å produsere og bestod av eit falda trykkark på mellom 8 til 24 sider. Innhaldet kunne vere humoristisk eller bestå av populære balladar, viser eller opplysingsstoff. Skillingstrykka var det første massemedium i Europa og vart selde av omreisande handelsmenn til ein låg pris, noko som gjorde at òg fattigfolk hadde råd til hefta.

M i n n e. I My Roman Fagerlinds (f.1980) Ström møter ein prosalyrikk som freistar å handsame ei seksualisert valdshandling som ligg ei stund attende i tid. Dikta demonstrerer ulike språklege strategiar for korleis handtere dei vonde minna, og syner korleis eg-et vert avspalta frå eg-et og vert eit ho på grunn av den påførde valden: «hennes minnen som jag ärver / genom hennes tystnads historie». Slik vert dikta til eit drama med fleire roller beståande av eg, ho, illgjerningsmannen og minna. Det springande punktet er om sjølve reingjeringsprosessen, freistnaden på å frigjere seg frå minna om valden, er ein utoleleg retusjeringsprosess: «varför vill jag tvinga ljuset att / stillna / rummet att / stelna / varför tvingar jag in dagsljus / som inte fanns / et leende / som aldri log». Det er rimeleg klart at ein så traumatisk hending kanskje har ein tendens til å gjere lesaren blind for språket og meir nyfiken på det som har skjedd. Tekstane er sette opp som flytande prosa, med skråstreken (/) som skiljeteikn. Bruken av skråstrek, som ein ofte finn i prosa som siterer dikt, gjer også at Ström framstår som ei attgjeving, som sitat, av hendinga. Kan hende skuldast det at originalhendinga er så smertefull at ho ikkje er mogeleg å attgjeve. Kan hende har eg-et gjennom avspaltinga og farginga av minna mista den autentiske tilgangen til grunnhendinga. Kor som er framstår Ström stram og konsentrert.

K o n s t i t u e r i n g. Om vi av Signe N. Hammar (f.1980) er det fyldigaste heftet, nesten 60 sider. Her framstår dikta som ei poetisk undersøking av kva som konstituerer eg-et, der eg-et sitt tilhøve til ein fellesskap, til vi-et, står sentralt. No er det eit logisk og grammatisk poeng at eg-et og vi-et er storleikar som gjensidig konstituerer kvarandre. Men kva er og tyder eigentleg vi? I byrjinga av heftet betraktar dikta eg-et (eller vi-et) som ein integrasjonsprosess, av kroppsdelar som skal bli til ein heilskap, men integrasjonen av delane inneber også eit tap av kroppen og kroppskjensla: «utifrån går det inte att höra / blodrytmen». Det å vere og verte ein del av seg sjølv, eller vere ein del av fellesskapen vi, er ikkje eit ukomplisert forløp. Dikta turnerer dette ved at dei genererer ein heil del undring og spørsmål. I nokre sekvensar vert integrasjonen sett i analogiar, til dømes til det å sjå eit landskap. Det rare er at ein betraktar er plassert utanfor landskapet sjølv om han står midt i det. Det har kanskje å gjere med at ein forstår forholdet mellom betraktaren og landskapet som ein typisk objektrelasjon. Og korleis kjem ein seg då verkeleg inn i eit landskap? Er ein dømt til å stå utanfor og sjå? I dikta finst det ei nærmast konstant tematisert redsle for å gå i oppløysing og forsvinne, dersom ein trer inn i vi-et: «gjennom att visa oss / försvinner vi // i tydlighet». Det er klart at prosjekt til Signe N. Hammar, som undersøkjer kva vi-et og eg-et eigentleg er, er djupt språkleg («våra ord håller världen»). Eg-et er ein grammatisk posisjon som individualiserer, men eg-et har òg noko generelt ved seg, sidan det er delt av alle vi. Hammars dikt, med sin langsame, ettertenksame refleksive syntaks, bringar fram sentrale spørsmål knytt til kva eit eg er og inneber, også med tanke på kjærleiken og det å representere nokon: «ingen annan kan jag tala för / jag kan forsöka låta oss finnas / i ett ögnonblick / i samma pronomen».

G j e n t a k i n g. Filip Lindberg (f. 1990) skriv rytmisk suggestivt og gjentakande om kvardagslege hendingar i Tider träck 2. Dikta strekkjer seg i tid over ein dag, frå ein vaknar og går på jobb på ein pleieheim og til ein tar bussen heim att for å leggje seg. Kvardagsrutinane materialiserer seg i den dvelande, gjentakande syntaksen. Skrivinga kvittar seg ikkje med dagens «träck», altså avfall eller det overskytande, slik som ei terapeutisk skriving kan hende ber ønskjer om; desse dikta kapslar slaggstoffa inn og ber dei med seg i dei atterhaldne sekvensane, som rett nok rører seg framover i tid, men ikkje heilt slepp momentet dei starta med. Dikta lyftar kvardagshendingane inn i ein større samanheng og gir lesaren ei sterk tidskjensle. I forma si freistar Filip Lindbergs dikt å verkeleggjere dei innhaldsmessige påstandane som vert sett fram i dikta: «dikten det är den som är förskjutningen som öppnar sammanhang / som sluter sig om förskjutningen som upprepat öppnar orden som söker sin form som sammanhang som sluter sig om förskjutningen». Dikta rører seg framomver, eller står stille, i fengande sirkulære rørsler som ein ikkje heilt slepp frå. Slik sett gjev dikta, sjølv om dei lyftar kvardagen eit hakk, eit bilete av ein noko klaustrofobisk eksistens.

S c e n e: Djurgårdsbrunnen av Eugene Sundelius von Rosen (f. 1991) er munnleg, direkte, slentrande og leikande i stilen: «du hej kom igen nu musik nu kör vi hey meistro nu kör vi». Her vert også eit eit større persongalleri invitert inn, mellom andre Benjamin, Gabirel, Michael. Alt dei første linene («kroppen er en fantastisk gåva / och jag dejtade den ett tag») fortel om ein grunnleggjande eg-splitting som desse dikta leikar seg med og speglar seg i. Det verkar som om du-et i dikta berre er eit aspekt av eg-et i den monologiske skrifttalen som alltid vender seg utover, fordoblar og forstørrar seg. Denne vendinga utover gjer at det nett er som om dikta gjekk føre seg på ei scene. For sjølv om me som lesarar berre har tilgang til denne munnlege røysta som talar, er det som om ho opnar og skapar eit større rom kring seg.

Samla sett representerer dei fire utgjevingane eit breitt utval av ulikarta poesiar og lyriske former. Her får ein presentert alt frå prosalyrikk til meir lågmælte refleksjonsdikt via munnleg-språka dikt til sjølmedvitne, suggestive lyriske sekvensar. Så kan ein saktens spørje seg om lesaren betraktar hefta som avslutta verk, eller som smakebitar. Det er kanskje ikkje så viktig. At Podpoesi press gjev ut desse småhefta er ein freistnad på å revitalisere poesiutgjevingspraksisen, og slik sett er det eit glimrande initiativ.

Sindre Ekrheim

Bergen, 7.desember 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)