Grensesprengande kunstprosjekt

:poesikritikk


DIKT

Brødet og Eselet

Del likt

Oktober 2017


Attom namna Brødet og Eselet står musikaren Henrik Skotte og poeten Gunnar Wærness. Duoen utgjer ei framføringskunst- og kabaretgruppe som har vore aktiv sidan 2011. Dei har tidligare gjeve ut bøkene Griskoknetter og Eurodike.

Del likt sprengjer råmene for ei tradisjonell diktutgjeving. I tillegg til verbaltekstane rommar boka fotografi, teikningar og videostills og kombinasjonar av desse. Fotografia syner menneske med eselhovud og menneskehovud kledd med hamburgarbrød og annan brødmat, plasserte i ulike miljø. Fotoa av fabelvesena er ofte forsynt med tekst og kan likne plakatar. Skulle det estetiske uttrykket samanliknast med noko, måtte det vere Gunnar Wærness’ teikneserieliknande diktbok Bli verden (2007). Medan Bli verden var ei biletbok, vert Del likt hovudsakleg bore av det poetiske verbalspråket.

Del likt er ein barsk og laussluppen ekskursjon inn i eit bisart lyd- og biletunivers. I den framande biletverda tonar velkjende element fram. For her syng dei på trønderdialekt om E6, bilar, heilautomatiserte hotell og brennande buskar.

Evna til å leve seg inn i gjenstandar og krysse eksistensgrensene til plantar og dyr er i søkjelyset. Brødet vert til kjøt og kropp i fordøyingsprosessen. Mennesket vert til esel, buss og motorveg. Og busken, fisken og eselet tek til å snakke som om dei var sjølvmedvitne språkbrukarar i dei lydmålande, rytmiske songane. At dyr snakkar er kjend frå fabel- og barnelitteraturen, men då snakkar dyra oftast som om dei var menneske. Her snakkar tinga og dyra utifrå sin ståstad. Eselet, som fortel at det bar Jesus og ordet på ryggen, lærer seg å snakke i eit ABC-dikt der ortofonien overtrumfar den kjende ortografien: «Kå gå på knærn / foran Æll som la sæ Æmm e mett men / Ænn får aldri nok».

Del likt balanserer mellom den elleville galskapen, humoren og det djupaste alvoret. Estetisk er Del likt ytterleggåande. Jamvel om ein finn ein politisk og økologisk radikalitet og uttala kapitalismekritikk i dikta, verkar det likevel som kunstnarduoen konsekvent forfølgjer ein litterær logikk, der språket solidarisk tek bustad i alt og alle og får alt og alle til å syngje med sitt særeige nebb, også dei tagale og undertrykte.

Sindre Ekrheim

Stavanger, 28.desember 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)