Omsorg og død

:poesikritikk


DIKT

Cecilie Løveid

Vandreutstillinger

Kolon forlag 2017


Cecilie Løveid vart løna med Brageprisen 2017 for diktboka Vandreutstillinger. Cecilie Løveid skriv her dikt til ulike kunstverk, til fotografi, målarstykke, eller til eit performance-verk. Men også til tenkte bilete, til dømes skildrar dikta ein teikneserie med Sigbjørn Obstfelder i hovudrolla, eller skriv dikt over dei omstridde planane til kunstnaren Jonas Dahlberg for Utøya.

Løveids skildringar krinsar rundt biletrepresentasjonane, ho stillar spørsmål og diskuterer, ofte i ein tone prega av varleg omsorg: «Kan bilder vekke døde til live? / Gråter bilder? Pipler det blod?» I ordet om-sorg ligg ei krinsande rørsle. I den krinsen, banen eller vandringa rundt dei ulike bileta og biletrepresentasjonane oppstår dikta i Vandreutstillinger. Slik vert dikta òg til ei øving i bruk av kunst.

I midten av dikta står ein biletrepresentasjon av død, av ei uforståeleg sorg, av ei traumatisk kollektiv hending som framleis rir oss. Til dømes dei 15 målarstykka til Gerhard Richter over Baader-Meinhof-medlemmanes siste tid og deira død. Eller diktet skrive til det einaste eksisterande fotografiet av dampskipet Donau då det gjekk ut Oslofjorden med norske jødar til utryddingsleirane. Eller diktet der Andy Warhols popkunst-framstilling av den tome elektriske stolen står i sentrum. Diktets refreng, nesten som i ein poplåt eller ein voggesong, gir det sjokkerande kontrastar.

Til slutt i boka kjem Løveid til sine eigne og til sia eiga framstillingsform, poesien. I sistediktet skiv ho om poeten John Donnes «Death’s duel», preika Donne heldt i 1630 eitt år før han døydde, også omtala som ein gravferdsseremoni over seg sjølv. Preika fell, som treeinigheita og diktboka til Løveid, i tre bolkar. Slutten gir den overordna strukturen til diktboka, slik døden gir den eksistensielle forma til livet.

Dei fysiske biletframstillinga forevigar ved at dei så å seie trekkjer motiva ut or tida. Men Løveids dikt let det som har stivna på bileta, kome inn i tida att, dirrande av eksistensiell nerve og røyst. I kunsten Løveid har som objekt, finst mykje daud og forderving. Men dikta til Løveid leiar oss så å seie frå døden og inn i livet att, og flettar livet og den dødelege kroppen vår saman med kunsten.

 

 

 

Sindre Ekrheim

Bergen, 21.desember 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)