Lyrisk forteljing om beskyttelse

:poesikritikk


DIKT

Rebecca Wexelsen

Så faller jeg

Tiden 2017


Diktdebutanten Rebecca Wexelsen skriv dikt om fødsel, om barnet og den vonde lausrivingsprosessen, kanskje især for mora.

Første bolken byrjar med at eg-et leitar etter og førestiller seg korleis du-et har det. I del to vert lesaren klar over at eg-et er mora til du-et, og ein får eit tilbakeblikk på fødselen og ungens oppvekst, reflektert gjennom eg-et.

Det er ingen lukkeleg oppvekst, korkje for mora eller ungen. Samspelet mellom ungen og eg-et verkar prega av redsle, panikkangst, misforstått omsorg og overdriven beskyttelsestrong. Det ber galt av stad av di mora ikkje heilt ser forskjellen på ungens autonome identitet og hennar eiga identifisering. Ho freistar nærmast å smelte saman med ungen. Men det er ikkje eit kjenslekaldt og ureflektert eg ein her har med å gjere. Tvert om.

Det er ingenting å være redd for
jeg er redd likevel
hele tiden
for alt mulig
at bilen skal kræsje
at låsen til dodøra skal henge seg fast
sånn at du må bli der inne for alltid
at du ikke skal være på skolen
når jeg kommer for å hente deg
og til slutt er det bare jeg som står igjen i skolegården

(Utdrag frå Så faller jeg av Rebecca Wexelsen)

Leitinga (både etter du-et og seg sjølv) som er eit gjennomgåande motiv i dikta, kunne kanskje også vore gjennomført som ei leiting etter språklege former? Her og der lukkast ein også med å finne noko, som når eg-et får vite at bygningen utanfor vindauget som det dagstøtt stirar på, «er et sted for sånne de kalte idioter». Og med denne nye vissa, er det klart at utsynet endrar seg: «Heretter ser jeg ut på en annen bygning». Ei forklaring på tittelen finn ein i bokas siste diktsekvens, der eg-et presenterer motivasjonen for å skrive: «Og jeg vil skrive …/ før jeg mister taket i deg», men taket, vert me fortald, glepp likevel, og: «så faller jeg». Ei historie om avhengigheit, om omvendt eller dobbel avhengigheit, utfaldar seg altså i desse forteljande diktsekvensane.

Språket og handlingane  i Så faller jeg, er kvardagsleg, ofte vert rutinar skildra. Som ein ser av utdraget over, skjer også aksentueringa av redsla innanfor ein kvardagsleg horisont. Eg skal ikkje påstå at Wexelsen følgjer ein trend i poesien, men den snakkesalige, prosanære poesien er nær sagt vorte til ei poetisk norm som Wexelsens dikt verkar å leggje seg inn under. På ei side er det urimeleg å forlange at poesien må fortone seg som ein biletrebus det er opp til lyrikklesaren å løyse, men på ei anna side bør språket støypast slik at det på eit eller anna vis syner kvalitetar som evnar å gripe tak i lesaren. Kan hende manglar det litt på det idiosynkratiske i den språklege utføringa, noko som på sett og vis både kunne uttrykt fallets forhistorie og sannsynleggjort fallet. Likevel så må det understrekast at det finst overraskande sekvensar og gode lyriske tilløp i debutboka til Rebecca Wexelsen. Dessutan bør Wexselsens bok berømmast for å ta tak i emne og tema som har vore ein mangel ikkje berre i samtidspoesien, men i poesihistoria.

Sindre Ekrheim

Bergen, 11.januar 2018

(sindre.ekrheim@humbaba.no)