Augeblikket utvidar seg

:poesikritikk


DIKT

Bengt Berg og Helge Torvund

Medan våren vaknar

Bokbyen/Heidruns 2017


Når Helge Torvund (f. 1951) har omsett eit utval av den svenske poeten Bengt Berg (f. 1946) til norsk, og Bengt Berg har omsett eit utval av Helge Torvund til svensk i Medan våren vaknar, er det sjølvsagt uttrykk for ei gjensidig hylling av poesien til kvarandre. Like fullt er det eit spennande eksperiment, eit møte som ikkje berre gjer at ein stig over språk- og statsgrensene, men også blir vitne til korleis dei to kryssar kvarandre sine poetisk-språklege grenser.

Boka Medan våren vaknar vert utgjeve både i Noreg og Sverige. Omsetjing eller gjendikting frå grannelandas språk til norsk har alltid vore omdiskutert. Idar Stegane rører ved denne diskusjonen i det opplysande etterordet som freistar plassere poetane i høve til kvarandre og i det litterære landskapet. Somme meiner at språka svensk og norsk er så nærskylde at omsetjing er unødvendig. Andre peikar på det forholdet at ei bok sine sjanser for å verte teken opp i det norske boksystemet, føreset at boka vert omsett til norsk. Det har altså ikkje nødvendigvis noko med vantande nordisk språkkompetanse hjå publikum å gjere. Det er svært sjeldan at ikkje-omsette bøker vert omtala og melde i norske aviser og tilsvarande medium. Underteikna hallar nok til at gjendiktingar mellom dei nordiske landa er naudsynt, all den tid dei nordiske boksystema framleis følgjer nasjonale skiljeliner.

Ei omsetjing eller gjendikting representerer dessutan noko anna, nemleg ei grundig tolking og lesing av den omsette poesien. Det norske og det svenske lyriske landskapet skil seg frå kvarandre. Og med tanke på at til dømes avisene i løpet av dei siste ti åra har nedprioritert bokkritikken og neglisjerer fleire utgjevingar, noko som kanskje i særleg grad råkar poesien, er gjendiktinga vorte mykje viktigare som litteraturkritisk praksis enn tidligare. Det går fint an å lese Medan våren vaknar inn under ein slik horisont.

Boka vert innleia med eit dialogdikt på vekselvis svensk og norsk, skrive av Torvund og Berg. Diktet stillar spørsmål om språk, dialektar, grenser og teiinga. Det dialogiske er eit tydeleg aspekt ved heile prosjektet. Ved å gjendikte kvarandre, ved å setje dikta til dei to poetane, Torvund formidla gjennom Bergs svenske språk og Berg gjennom Torvunds norsk, opp i same bok, talar dikta til kvarandre. Gjeve at dei nasjonale boksystema er nokså isolasjonistiske av seg, er prosjektet også ein måte å introduserer kvarandre for nye lesargrupper. Trass i grensene, har mykje flote over dei. I den vesle samtalen, «Skandinavisk poesi-pingpong», er det nett ulike påverknadar frå grannelandet, samt likskapar i arbeidsmetodar, som vert nemnt.

Dei to poetane kan iblant likne kvarandre. Dei skriv ofte kortdikt, eller lengre dikt delt opp i mindre sekvensar. Dikta deira fangar situasjonar og bilete der natur er kombineret med menneskekultur, arbeid og kropp. Dikta deira har òg ei tydeleg forankring, i eit sansande, undrande og registrerande eg. Diktinga deira kan nok ha spor av både politisk og økologisk engasjement, men den kjensla og klangen av det eksistensielle, det å stå ut over seg sjølv, er sterk hos dei båe, idet dei ved hjelp av bileta skapar eit vibrerande-sansande rom rundt og i eg-et. Båe er opptekne av å undersøkje det fulltonande no-et, det rike, autonome augeblikket: «Inringad av ögonblicket är det ingenting som jag skall (Helge Torvund i Bengt Bergs gjendikting). Medan Berg kan peike på noko paradoksalt ved denne augeblikks-fikseringa, kanskje fordi augeblikket vert foreviga i diktet, eller kanskje er det berre noko uvanleg gripande ved augeblikket: «augeblinkar som nektar å sleppa taket» (Bengt Berg i Helge Torvunds gjendikting).

Det finst kanskje også ein ørliten skilnad i måten Berg og Torvund turnerer naturen på , sjølv om båe kan reknast som naturpoetar med ståstad eit stykke frå den naturidylliserande posisjonen. Dei er båe tydelege på at naturen inneber strev, arbeid, glede og eit biletreservoar for poeten. Der Torvund skriv naturen inn i det menneskelege, eller inn som det menneskelege sine ytterkantar, eller til og med skriv det menneskelege ut i naturen, kan Berg ta seg i at insektas liv er heilt åtskilde og annleis enn det menneskelege. Dei kan ikkje leggjast inn under vår menneskehorisont og utbyttarorden: «Morgonens sommerfuglar / – livet deira verkar / sjølvsagt på ein heilt annan måte / enn mitt eige». Men likevel, Bengt Berg og menneska før han, har levd med naturen, dyrka (i tydinga matproduksjon) og tolka den inn i si heimlege omverd frå gamalt av: «Granskogens mønster / – som ei kufte strikka av vinteren». I eit økokritisk perspektiv er det sjølvsagt avgjerande om ein ser på naturen som ven eller fiende. Anten naturen er «Stillhetens väktare» (Torvund) ellerskogen «ei kufte» (Berg), er den i båe tilfella ein ven. Den antropocene tidsalder blei innleidd fordi ein såg på naturen som ein fiende, noko ein frykta som måtte kjempast mot og herskast over, for slik å gjere den økonomisk og industrielt utnyttbar.

Fellestrekka kan sjølvsagt ha vorte styrkt gjennom at dei har gjendikta kvarandre og har passa den andre sin lyrikk inn i sin eigen poetiske habitus. Ulikskap vil ein, trur eg, oppdaga om ein går noko nærare inn på biletbruk og språk. Då ser ein at Torvund er noko meir metaforisk innretta i skrivinga, medan Berg er meir beinvegs til stades i den situasjonen dikta skisserer.

Fotografiet på omslaget syner eit gult fjorårsgras blant frø og rimfrost. Det er ein gjennomgåande blåtone i lyset i fotoet. Det er eit heilt greitt og fint fotografi. For underteikna blir det som omslag hakket for vent og poetisk, ein klisjé. Omslaget ber fram eit poesisyn som eg ikkje er sikker på om dikta i boka følgjer opp. Eg kan sakne ein ein kontrapunktisk motstand eller avstand mellom tittelen Medan våren vaknar og omslagsfotoet. Bokutforminga – til liks med paratekstar – kan styre lesinga og, i verste fall, smitte over på dikta. Både Bengt Berg og Helge Torvund er nyskapande naturpoetar. Det som særmerkjer deira naturbilete er den tette vevinga av natur og artefaktar og fenomen frå menneskelivet. Det er slik dei skapar suggestive, overraskande naturbilete. Døme: 1:«Kan du tipsa om en bra självförverkligandekurs / for regndroppar» (Helge Torvund i Bengt Bergs gjendikting). Døme 2: «Vinteren er ei kvit tromme – snart / lyder våre mjuke slag, høyrer de ikkje?» (Bengt Berg i Helge Torvunds gjendikting). Ein får ei kjensle av at det velkjende vert vida ut, får eit større resonansrom, vert, ja, ei tromme der lydbølgjene strekkjer seg utover. Samstundes ser og sansar dikta på eit vis det ikkje har vore sansa og sett tidligare. Kan hende omslagsbiletet er meint å berre vere flat røynd, så ligg det til poesien si oppgåve å gi den avbilda naturen eit lyft?

Eit utval gjer sjølvsagt berre smakebetar av ein poetisk forfattarskap, det vil heller ikkje kunne yte rettferd mot diktet slik det inngjekk i orginalsamlingas komposisjon. Men om ein maktar å tvinge seg til å tenkje at Medan våren vaknar ikkje er eit diktutval, men ei sjølvstendig samling, finst uendeleg med trådar å nøste i, blant dikt som fengjar, grip og lyser opp. Lys, ulikt lys og lysnyansar finst i rikt mon. Også dei andre sitt lys. Eit gult, litt sårt lys, og samstundes ein raus mottakar av lyset, finst, som her, i Bengt Berg si omsetjing av nokre Torvund-liner: «Varje kväll går jag rundt mellan husen / där det bor folk som inte bryr sig mycket // om alt det som jag bryr mig om / men värmen från det gula ljuset från deras hus / ville jag inte vara utan».

Sindre Ekrheim

Bergen, 14.desember 2017

(sindre.ekrheim@humbaba.no)